torsdag 4. mars 2010

Medan vi ventar, får vi snakke om veret

Det vil liksom ikkje ta slutt på det fine vinterveret i år.  Eg skriv ikkje så mykje om veret.  Det er ikkje så mykje annleis enn veret i Ørsta, med eitt unntak; snømengda på taka.  Ingen her i nabolaget har vore på taket og moka.
Eg har eit håp om at kulden i år har tatt knekken på nokre små kryp.  Kanskje flåttmengda i skogen vert mindre?  Eller kanskje egga til iberiasniglane frys i hel?  Det er lov å håpe!

5 kommentarer:

Milena sa...

Det er nesten "kjedelig"med samme været heile tida..he ,he..

Anlen sa...

Eg las ein eller annan plass at det ikkje hjelp på småkrypa, fordi snøen isolerer så godt... Men det er lov å håpe:)

Fint er det uansett!

solveig sa...

Var det ikkje litt frost før snøen for? Eg lever i håpet!
Veret vert finare for kvar dag som går. Sola vert sterkare. Men eg gler meg til å kunne sykle igjen!

Besta sa...

Du meiner vel flått-ikkje knott?

solveig sa...

Ja, sjølvsagt!