onsdag 10. mars 2010

Et graut - så blir du stor og staut!

Sist eg sat her og såg Farmengården, dukka det opp ein eldre kar som ikkje likte havregraut.  Ungane kunne ikkje tru det dei høyrde.  Havregraut som er så godt.  Likevel har vi det ikkje så ofte.  I mitt stille sinn planla eg og koke havregraut til neste program.

I dag kom og boka eg bestilte før helga.  Og kva var fremst i boka?  Havregraut sjølvsagt.  Dobbel inspirasjon med andre ord!

Grauten min vart kokt med 1 l mjølk, 1 l vatn, 8 dl havregryn frå Volda Mylne, ca 2 ts salt, 2 ts ekte vaniljesukker.  Eg hadde også litt ekstra sukker, for eg bruker ikkje så mykje sukker oppå.

Havregraut kan varierast i det uendelege.  Ein kan ha bær, bananar, eplemos eller tørka frukt t.d.  Sjølv synest eg det er godt å slå litt mjølk langs kanten.  Og så er det sunt og godt med eit glas appelsinjus til.  C-vitaminane i jusen gjer at kroppen gjer seg nytte av jernet i havregryna.  Mjølk til graut vert smør på flesk for meg.

P.s.
I dag kokte dei visst tran på Farmengården.  Ingen fare her!

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg åt havregraut heile min tidlege barndom og i følge mamma var det derfor eg hadde så fin hud og så fint hår. Havregraut var det beste eg visste-no et det aldri. Og det viser!

Besta sa...

PS: Havregryna frå Volda er mykje betre enn andre havregryn!

arieldog sa...

Eg las bloggen din, og so vart det risengrynsgraut til middag...

Besta sa...

Då eg var lita og altså åt havregrynsgraut i tide og utide, brukte eg alltid litt melk langs kanten, for å kjøle grauten blant anna. for folk som har lyst å legge på seg litt, er det himla godt med fløte i staden for melk.