søndag 7. mars 2010

Bok 10: Kvinneroman

Eg har lese dei fleste av Wassmo sine romanar.  Trilogien om Tora var det nok mange som las på 80-talet.  Ho tok opp eit vanskeleg tema; incest.

I Hundre år skildrar ho om formødrene sine liv.  Dette er interessante historier å lese om i dag.  Gjertrud Jynge les lydboka på heilt rett dialekt.  Oldemora Sara Susanne sitt namn vert svært vakkert med hennar stemme.

Romanen er ikkje kronologisk oppbygd.  Ho hoppar i tid.  Dette er ein kunst ho meistrar godt.  Lesaren forstår og godt kva som er harde fakta, og kva som er dikterisk friheit.

I denne boka er tida komen for forfattaren til å gå ut med at ho sjølv vart misbrukt av stefaren sin.  Ho fokuserer ikkje på detaljar, men korleis dette øydelegg for gledene i livet hennar.  Ho er til tider "eit vanskelg barn".  Ho torer aldri å spørje mor si kor mykje ho såg og visste.

Dette er ein interessant og sterk roman.  Kvinneliv i Noreg har vore prega av hardt arbeid og store barnekull.  Boka høver for kvinner i alle aldrar. 

1 kommentar:

Besta sa...

Ikkje alle Wassmo sine bøker har falle i like god smak.....men denne likte eg veldig godt. Wassmo si beste etter mi(og mange andre) si meining. Enig i alt du skriv om den.