torsdag 14. januar 2010

Sunt og godt!


Dei siste dagane har alle vore heime her.  Men i morgon reiser studenten til hovudstaden.  Journalisten reiser til London på fotballtur i helga saman med ein studiekamerat.  Dei skal sjå Tottenham - Hull.  No får vi håpe på godt fotballver i England.

Middagsrettane må då verte nokre av yndlingrettane til dei som reiser.  Samtidig jobbar eg meg nedover i fryseboksane.  Det gjekk med ein pakke lutefiskbacon til pannekakene. Til suppa gjekk det med nokre bein.

No reknar eg med at blogglesarane reagerer på to ting:
1. Salt suppe til pannekaker.
Her omkring brukar folk rabarbrasuppe eller blåbærsuppe til pannekaker. Eg vil helst ha anten kjøt eller fisk til middag, ikkje berre mjølmat og søtmat.
2. Brokkoli i brennsnut.
Brokkoli er den grønsaka vi bruker mest etter gulrot. Akkurat no held vi på med vitamin i Mat og helse.  Brokkoli inneheld både C-vitamin, folat (B-vitamin) og K-vitamin i tillegg til jern og kalsium.  Eg synest det er godt med brokkoli som får koke med i suppa heilt mot slutten.

Eg har nokre faste vitsar eg dreg fram på skulekjøkenet.  K-vitaminvitsen har eg lært av bror min:
Vampyrar er i skuddet for tida.
Vampymora seier til vampyrbarnet:
- No må du ete suppa di før ho koagulerer!

Denne desserten heiter "Steik di eiga pannekake".  Dette er ein av karane sin tallerk.

Medan eg stod og skar opp grønsaker, begynte eg å tenke på ein gong farmor fortalde om "Jagesuppe".  Det kalla dei suppa som dei serverte til nattmat i bryllaup.

7 kommentarer:

Besta sa...

"Jagesuppe" passa dermed godt i dag? Søtsuppe til pannekaker har eg aldri hørt om før du begynte å skrive om det på bloggen.Ertesuppe + pannekaker= fast følge.Er ikkje grønsak hankjønn? Eg seier i alle fall ein grønsak.Kan no sjekke ordlista.

Anlen sa...

Uff, så mykje rart du skriv i dag;) Vi vil ha søt suppe til pannekakene, i tillegg til masse bacon. Det er nok kjøt... Og så er eg aldeles ikkje enig i at det skal vere brokkoli i brennsnut, for den blir fort så "rotete"! Det er upoulært med grøne ting som flyt rundt i den gode krafta, seier jentene her.

solveig sa...

Besta: Det var ikkje der feilen låg, men ein n for mykje. Det gjekk litt fort i svingane.

Anlen: ;-)

Besta sa...

Eg har sjekka. Det heiter grønsaka.
Det har eg aldri sagt og kjem aldri til å seie det heller.Om pannekaker blir vi aldri enige. Vi brukar ikkje suppe i det heile tatt, men både bacon og blåbærsylte+ KAFFI. Det er godt det!!!
Elles bør no folk få lov til å lage maten slik dei likar den.Og broccoli er kjempegodt, berre den ikkje er for mykje kokt.

solveig sa...

Brokkolien var ikkje komen til landet då brennsnuten vart "oppfunnen". Eg hugsar godt første gongen eg åt brokkoli. Då var eg 20 år. Det var hos ei venninne av ei venninne i Bergen.

Besta sa...

Eg har i alle fall registrert at mange av barnebarna er veldig glade i broccoli. Viss ein er redd for at det blir restar av suppa som skal varmast opp, kunne det vere ein idé å ha broccolien ved sidan av?
Rabbe er heller ikkje godt oppvarma. Eit must i suppa er sellerirot, det hadde vi heller ikkje før.Mykje forandrar seg, også tradisjonsmaten.

solveig sa...

Vi varmar suppa i mikrobølgjeomnen. Då synest eg det går bra med både brokkoli og rabbe.