laurdag 9. januar 2010

10 B

Eg vil oppmode alle skuleinteresserte blogglesarar om å sjå programmet Klasse 10 B.  Eg såg berre siste kvarteret då det gjekk måndag, men fann programmet lett på Nett-TV.

Opplegget går ut på å finne ei elendig klasse, altså 10 B i Skedsmo, byte ut lærarane med dei beste i landet og så skal klassa bli av dei tre beste i landet.

Eg må seie eg er spent på vidare vinkling!  I første programmet vert vi kjend med ein kar med stort fråvær.  Med nye lærarar får han lyst til å gå på skule! Klart det når han får sjansen til å kome på TV!?

No ser eg ikkje vekk frå at det kan bli mykje å lære av dette programmet t.d. om motivasjon.  Korleis greier desse professorane i kvart sitt fag å motivere elevane til innsats i faga sine?  For at der ligg mange uutnytta ressursar blant elevane, det tvilar eg ikkje på!

2 kommentarer:

Anlen sa...

Kanskje verdt å sjekke:) Det må jo vere noko å plukke opp der, for nokon og einkvar!

Besta sa...

Eg har ikkje sett programmet, berre litt av eit program OM programmet.Eitt av problema i barneskulen er at ein underviser i veldig mange fag, på mange trinn.Det skal noko til å brenne for ALT.Men at ein engasjert lærar virkar positivt på elevane er vel ikkje så vanskelig å forstå.