måndag 14. desember 2009

14. desember


I dag hadde eg i utgangspunktet ikkje tenkt å bruke tid på kjøpesentera i nabobyen.   Men laurdag då eg kom att frå ein tilsvarande tur, låg det ei purring frå biblioteket på ei bok som eg har levert attende for fleire veker sidan. Då vert eg sjølvsagt stressa.  Så eg tok meg først ein tur ned hit for å sjekke at eg ikkje hadde levert den på feil bibliotek.  Samtidig leverte eg inn ei bok der.  På biblioteket i Vik leverte eg først inn fire bøker eg lånte for vel ei veke sidan, før eg viste bibliotekaren brevet.  Det har skjedd meg før at dei har gløymt å registrere innleverte bøker, og det var heldigvis det som hadde skjedd no også.  Lydboka stod i hylla.

Som de ser over, har eg skaffa meg nokre klassikarar.  I dag såg vi ferdig "Kransen" i 10. klasse.  dette skuleåret skal eg gjere alvor av å lese om att heile trilogien som Sigrid Undset fekk Nobelprisen for.  Desse bøkene likte eg godt då eg las dei til særarbeidet mitt siste år på gymnaset. "Markens grøde", også ein nobelprisvinnar, las vi på ungdomsskulen.  Mine elevar får nok greie seg med eit utdrag.  Men eg skal lese romanen.

3 kommentarer:

Besta sa...

Desse bøkene har eg sjølvsagt lese for lenge sidan. På papir. Det har vore mange program om Hansun i det siste. I går var det ein engelskmann som snakka om Hamsuns forfattarskap. Han geniforklarte SULT, men kalla Markens grøde eit makkverk.Eg er ikkje heilt samd med han, men meiner framleis at Sult er Hamsuns beste bok.Dei andre bøkene er meir folkelige,men "stilen" er framleis fantastisk.

solveig sa...

Sult las eg i fjor. Markens grøde gjorde inntrykk på meg på ungdomsskule. Eg hugsar mykje av innhaldet, så det vert artig å lese den om att.
Elles er det ikkje all litteratur som står seg. Markens grøde har kanskje element i seg som leier til nasjonalisme og nazisme?

Besta sa...

Mykje av KH sin litteratur har "nazipreg" -SULT også.Hamsun og Hitler hadde vel samme yndlingsfilosof? Nietsche !
Likevel likte eg Markens grøde-Hamsun er Norges beste stilist,språket er berre så vakkert.