måndag 7. juli 2008

Første stopp

Når vi reiser til Sverige, køyrer vi forbi fleire severdigheiter som folk kjem langvegs frå for å sjå, utan å stopp. Trollveggen er eit unntak. Kvart år har vi stoppa på leikeplassen der slik at borna får klatre medan vi drikk kaffi og nyt naturen.

No er ungane for store til å leike seg, men tradisjonen tru må vi ut og ta bilde. Når ein reiser i Danmark, forstår ein godt at t.d. danskane finn Romsdalsfjella fascinerande!

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg hugsar den tida då A. slo over til austlandsdialekt når han kom så lang heimafrå som til Trollveggen.Av ein eller annan grunn har det vore skodde nesten kvar gong eg har vore der.Men flott natur, det har vi i Norge, særleg på Vestlandet og Nord-Norge.

Hildegard sa...

Ja, Trollveggen er vakker. Lurte på om de har køyrt nyevegen Rugsund - Oldeide. Der får ein ei heilt anna vinkling av Hornelen enn frå nordsida. I fint ver er det berre vakkert. Klippa går rett i sjøen. Vi køyrer oftast denne vegen når vi skal på hytta. Rugsund er ei vakker bygd med heilt ny flott småbåthamn som dei fekk i samband med nyevegen. Eidabesta

solveig sa...

Vi har ikkje køyrt den vegen! Vi har mykje til gode! I fjor var Olaug på Gursken Cup. Då tok vi oss ein biltur i ein av pausane. Moltustranda ligg nær og litt avsides t.d.
Det kjem kanskje ei tid for bilturar att?