søndag 10. januar 2010

Bok 3: Klassikar


For andre året på rad underviser eg 10 B(!) i norsk.  For andre år på rad har vi sett filmen "Kransen".  Filmen har eg skrive om før på bloggen.  Eg har og fortalt at eg skreiv særarbeid på gymnaset i 1981/82.

Historia om Kristin greip meg den gongen, og no når eg fann bøkene på lydbok, vart det meir overkomeleg å lese dei igjen.  Ein skal vere bra motivert for å lese dei på stivt riksmål/dansknorsk.

Då eg sjølv var 18 år, var eg fortvila over valet hennar.  Kva skulle ho med den gamle sjarmøren?  I dag synest eg ikkje 32 er nokon alder!  I boka kjem detaljane mykje betre fram enn i filmen, sjølvsagt.  Simon Darre er til dømes for pen i filmen. 

Forholdet til Erlend vert og mykje meir detaljert skildra. Kristin trumfar seg til å gifte seg med han.  Men ho må vente 3 1/2 år.  I denne tida kjem tvilen snikande, men ho føler ho må stå for det ho har valt.  No er eg godt i gang med "Husfrue".  Den hugsar eg sjølvsagt ikkje så godt, men dei store linene sit att etter 28 år!

Eg er glad i filmen.  Den er sjølvsagt lang.  Men der er og mykje handling!  Eg har kome fram til at det høver godt å vise filmen før jul i 10-ande, og at det er lurt å sjå den i delar. 

Det som gjer både filmen og bøkene litt tung, er dei religiøse grubleria.  Det er framandt for vår tid.

Men det som gjer at bøkene framleis er aktuelle, er at kjærleik under vanskelege vilkår alltid vil vere aktuelt?

Sigrid Undset sa:
Ti sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker annerledes om mange ting.  Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.

På slutten av boka får vi innsikt i foreldra til Kristin sitt ekteskap.  Dei er begge offer for eit arrangert ekteskap, men tenker ulikt om det.  Først no snakkar dei om det.

Framleis tenker ein i mange kulturar at foreldre veit best når det gjeld å finne ektemake.  Her treng vi ikkje å gå ut om byggefeltet for å finne jenter som har vakse opp i Noreg, men som vert gifte i utlandet.  Dei samtykker når foreldra vel ektemann for dei.  Foreldra meiner det heilt sikkert vel.  Men kvar går grensa til tvang?  Og desse norske jentene er vel populære. Her får ein norsk pass på kjøpet. Det må no vere betre enn det var å få seg ei odelsjente i "gamle dagar"? Det er ikkje sikkert alle synest romantisk kjærleik er så viktig viss alternativet er å vekse opp med fattigdom og krig?

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg las bøkene om Kristin då dei kom i Den norske bokklubben, og den tida var det vel den første boka om Kristins ungdom som fengde mest.Men sjølv for meg er tankegodset noko forelda.Då eg gikk på lærarskulen hadde eg ei Undset periode, veit ikkje om eg er så hekta no lenger. Men eg forstod så absolutt at ho ville ha Erlend i staden for Simon, som eg såg på som ein slags Smørbukktype.

solveig sa...

Noe fetladen, ja....

arieldog sa...

Simon i filmen er altfor pen, ja, det er eg heilt einig i. Sjølv likte eg betre "Jenny", som var ei meir moderne bok.