søndag 20. desember 2009

"Vanlig, vanlig"


No er det høgsesong for bordbilde på bloggen min.  Eg er ofte innom nokre fine interiørbloggar der det er sølv og kvitt som gjeld, og for all del ikkje raudt til jul.  Viss dei skulle kome innom bloggen min så ser eg for meg dei to damene i golfbilen.  Så no vil eg berre presisere at mine motiv for å legge ut bordbilde, er heilt andre.  For det første er eg glad i fargar, og dekkar bord som eg liker.  For det andre ser eg på det som familiehistorie og ein dokumentasjon av samtida.

Vi har harr overnattingsbesøk av bror til mannen min med kone og eldste dotter.  Og for dei som vil vite kva vi serverte til middag, så var det svinesteik.  Diskusjonen på førehand var om eg skulle lage ertestuing.  Høyrer det med til svinesteik?  Eg veit at ein av gjestene er svært glad i det, så eg laga ertestuing av ein pakke tørka erter.  Der var så vidt eit par skeier att etter måltidet.  Det viktigaste er vel kva gjestene liker, ikkje kva som strengt tatt høyrer til?

4 kommentarer:

Besta sa...

Vi har alltid ertestuing i huset. Vi kokar i store porsjonar, 4-5 pakkar og frys i passelig store beger.Nils kan ete ertestuing til det meste, og det er veldig mange som likar det. Så kvifor ikkje?
Fine bord du dekkar!

solveig sa...

For å seie det sånn så var det ikkje ein person som åt alt, men mange som likte det. Eg lagar ertestuing med vatn, salt og sukker, så det er mykje protein i den!

Besta sa...

Eg har også smør i (margarin) og så lærte eg eit triks av ei dame eg prata med på ein butikk: Ein liten skvett eddik. Berre prøv! Det friskar opp smaken!

solveig sa...

Feitt er heilt unødvendig i, berre prøv! Eg såg kor mykje smør Wenche Andersen hadde i rabbestappa i tillegg til ribbefeitt. Det kallar eg smør på flesk!