tysdag 1. desember 2009

1. desember


Eg trur eg vil prøve å skrive eit lite blogginnlegg kvar dag no fram til jul med datoen som overskrift.  Det får bli som ei dokumentering av kvardagslivet i førjulstida 2009.  Om det kan verke kvardagsleg og lite interessant i dag, kven veit kva folk vil tenke dersom dei finn bloggen nokre år fram i tid. 

I dag såg eg Frokost-TV i reprise.  Raud jul er visst heilt ute.  No skal det vere kvitt!  Min blogg er ingen interiørblogg.  Her vert det fargar!

I dag har det berre vore ein travel dag på jobb.  I kveldninga skal eg gå tysdagstur "rundt vatnet" som det heiter her.  No har eg akkurat kome heim frå handletur til meg sjølv og skulekjøkenet.  På Prix kjøpte eg lilla lys frå Amnesty.  Har ikkje dei ein dag i dag?  Kven andre har tatt 1. desember til sin dag?  Brannvern?  Aids?

Eg har fått ei utfordring om å bli blodgjevar og gje stafetten vidare: Sei noko positivt om å vere/bli blodgjevar og gje stafettpinnen vidare.  Les kva Alt godt skriv. Eg veit at eg har fleire blodgjevarar på blogglista mi, så eg får gje stafettpinnen vidare til dei.  Folk her har reist til Ålesund for å gje blod tidlegare. Men no ligg Volda nærare!  Elles vil eg utfordre alle menn som kan om å gje blod.

Kanskje NRK kunne sendt ein gammal Fleksnes episode for å få fokus på blodgjeving?

2 kommentarer:

Besta sa...

Ingenting raudt her enno.Har hengt opp kvite gardiner med gullstjerner på kjøkkenet, elles går det i lilla i adventstida i år. Men siste veka før jul får det bli eit hamskifte.

Besta sa...

1.desember er datoen for å skifte batteri i røykvarslarane, lærte eg i går.