laurdag 24. mai 2008

Rhododendron


Eg har to variantar av det også. Begge har eg fått av systra mi. Eg meiner dei blomstrar tidleg i år.

Ballblom


To typar ballblom blomstrar i hagen no. Dei vert også kalla eggeplomme. Den øvste må då vere vinter og den nedste sommar. Eg kjøper egg rett frå gard, og no er plommene oransje og smakar heilt fantastisk. Dette skjer kvart år når hønene slepper ut ög et gras.

fredag 23. mai 2008

Pølse med laks?

Ein av dei unge assistentane på skulen hadde bite på reklamen for den nye pølsa. Den som er laga av laks. Eit par av oss andre var meir skeptiske. Det vert liksom feil.

Dagen etterpå ville vi vite om pølsene var gode? Ho hadde ikkje likt dei, men meinte ein kunne gje dei til born som ikkje hadde smakt pøsler før, men då kunne ein like godt gje dei laksefilet, meinte ho. Og vi var samde.

I dag har det vore typisk altanver. Inspirert av diskusjonen på jobb, kjøpte eg ein pakke med med fire laksestykke i, som vi pakka inn i alumimiumsfolie og krydra med (Cemo-gourmet)fiskekrydder og sitronskiver. Servert med nypoteter og tomat/agurk og rømme, konkurrerer dette ut alle typar pølser, spør du meg.

p.s
I elva nedanfor garden var der mykje laks i gamle dagar. Norvald fortalde at der var folk som hadde i vilkåra for kår at dei ikkje skulle ha laks meir enn tre dagar i veka!

Mat i eldre tider var temaet for dagen.



I det eldste huset var eg ikkje om meg og tok bilde. Der viste dei ein peis med skorstein. Det var nok eit framsteg når det galdt lufta i rommet. Men det vart varmt kun kring eldstaden. Vi ser for oss røyklagde, kalde rom. Ved brukte dei lite av. Det var som hard valuta. Dei selde mest muleg. Dette er ein vedomn med kokeskåp.
Her er vedkomfyren på kjøkenet. Den står ved sidan av Grepakomfyren. Det var knappheit på straum, så dei heiv han ikkje ut når dei fekk ny komfyr. Den fungerte nok også godt til oppvarming av kjøkenet. Det var kanskje der dei oppheldt seg mest?
I Ørsta var dei tidleg ute med å få seg elektriske komfyrar. Grepa selde dessutan komfyrar billeg til ørstingar, slik at det skulle bli stor etterspørsel etter straum og stort behov for rask utbygging. På den måten fekk dei raskare den straumen dei hadde behov for sjølve.


Eg synest det var interessant å få høyre om kva dei åt frå jernalderen og framover. Men det er denne nyare historia, frå ca 1800, som interesserer meg mest. Og eg kunne tenkt meg å vite meir om komfyrfabrikken i Ørsta!



Vi er rike i Norge i dag. Vi slepp å svelte og fryse. Dette er vi lite takknemlege for i kvardagen.. Vi tek det som ei selvfølge. Vi har alltid hatt det sånn. Men Norvald fortalde at det er eldre folk som nekatar å gå inn i det raude huset der det budde folk til 1963. Dei orkar ikkje å sjå elendigheita, seier dei.

torsdag 22. mai 2008

Museumstur

I dag har eg vore på museum i Ørsta saman med mat og helse-lærarar frå Sunnmøre.
Pappa sin arbeidskamerat Norvald guida oss rundt. I tillegg til å vere kunnskapsrik, spedde han på med små historier slik som er in i tida. Eg må berre innrømme at eg er mykje meir interessert i historie enn for 20 år sidan.

I morgon kjem eg attende til litt komfyrhistorie.

søndag 18. mai 2008

Boka eg kosar meg med no


Denne boka hadde eg svært lave forventningar til. Utvalet på biblioteket var dårleg, og eg treiv med meg denne i tilfelle eg skulle gå tomt for lesestoff.
---
Utgangspunket for boka er ein gammal (53 år) professor som forelskar seg i ein ung (27-28 år rett nok) student. Med andre ord ein klisjé? Og bilde av Petter Dass på framsida, tja, kva skal ein seie?
---
No er eg midt i boka og ho er både "spennande" og ikkje minst underhaldande! Ei positiv overrasking med andre ord!

Fotballsøndag

Her er guttelaget som Øystein trenar.

I dag spelte dei mot Stranda. Trenar, foreldre og spelarar frå Stranda oppførte seg pent så lenge dei leia. Då stillinga var 1-4, fekk Hareid fart på seg og tok att Stranda mål for mål. Sluttresultatet vart 4-4.

Eg skriv ikkje fotballreferat, men som mor legg eg merke til at der er gode vinnarar og dårlege vinnarar, gode taparar og dårlege taparar. For gjengen frå Stranda var nok uavgjort eit stort tap, etter oppførselen å dømme.

laurdag 17. mai 2008

Hipp Hurra!


Det har vore kaldt med vind, sol og så vidt litt regn. I år manglar vi bilde frå toget, men eg har sendt ein e-post og tigga frå ein av foreldra i klassa til Olaug.
---
Tida på klubbhuset flaug. Vi selde mat til ein endelaus kø. Hadde det vore varmare, så hadde kanskje salet vore dårlegare. Eller er det slik at folk følgjer tradisjonane? Øystein og Olaug åt på bedehuset, slik vi bruker.
---
Ein annan tradisjon er at ein skal ete så mykje is ein orkar. Vi hamstra litt på Coop i går. I min barndom meiner eg at 17. mai var første dagen ein fekk kjøpe is. Det fantest verken is-bilar eller boksar med is. Eg hugsar dei første liter-isane som var innepakka i papp. Margrete og eg delte tress-isen på midten. Ho fekk den rosa delen og eg den brune. Blogglesarane får hjelpe meg med denne tidfestinga.

fredag 16. mai 2008

Fobiar

Eit sikkert vårteikn på skulekjøkenet er edderkoppen. Og du høyrer det før du ser han. Eg har aldri "forstått problemet". Men eg har erfart at det ikkje er nok å kaste han ut vinduet. Æææ!! Den kjøme innigjen! Så i år kasta eg edderkoppen i vasken og skylde han ned. For eit par år sidan måtte eg sette i proppen før hylinga gav seg.

Nei, eg forstår gutane som ber edderkoppane i eit bein medan jentene hyler og ber seg. Kjempeunderhaldning for fjortisar. Samtidig ser eg skrekken i augene til enkelte jenter. Olaug har ikkje lært dette av meg, for å seie det sånn.



Men eg har ein fobi som eg kanskje ikkje deler med så mange: strømpebuksefobi. Eg får heilt klaustrofobi når eg må ha på meg strømpebukse. Då eg gjekk på gymnas visste ikkje mamma kva slags behagelege strømpebukser ho skulle kjøpe til meg. Lykka var det året eg fann ei fora ,
varm bukse.

Når ein har bunad, er det ikkje noko problem å gå med halvstrømper, men det er ikkje fint til halvside skjørt. Onsdag då vi var på Kinarestaurant (Ja, det har vi på Hareid), hadde fleire av oss bukser. Eg sa at eg skulle ønske det fantest gamaldagse strømper, men då må ein vel på spesielle butikkar. Nei, det har dei på Cubus, fekk eg vite. Og jammen stemte det.

I morgon skal eg jobbe i matutsal, og kjem til å ha på meg kjole og "silicone backed" strømper.

God 17-mai!

Til dagens geburtsdagsbarn!

EIVIND 6 ÅR

VI VIL GRATULERE EIVIND MED 6-ÅRSDAGEN!

torsdag 15. mai 2008

Hageavfall

På Hareid er vi så heldige at vi har ein hageavfallsplass der ein kan levere alt nedbrytbart hageavfall.
Dessverre er det ikkje alle som forstår kva som vert nedbrote, og ein finn mellom anna mange plastsekkar med plengras. I dag låg der ei grønsåpeflaske og ein gammal sykkel.
Eg går ofte forbi hageavfallsplassen på veg heim frå skulen. I haust låg der ofte plantar det var freistande å plukke med seg ein avleggar av. Denne blomstrar no.

I fjor var eg så uheldig å knuse ein plastampel i hauststormane. Eit par dagar etter fann eg ein heil på hageavfallsplassen. Kanskje eg skal plante ein av hengeplantane eg tok avleggar av i den i år!

Hareid-Gurskøy 2-1

Endeleg vann dei! Og sigeren var absolutt fortent. Men det var ein iskald førnøyelse. No ligg Olaug i badekaret og tiner opp.

tysdag 13. mai 2008

God bok

Forrige tysdag lurte turvenninnene på kva eg no hadde på øyret. Ei av dei hadde lagt frå seg Boktyven. Det vart for mange namn, og ho fekk nok etter 50 sider. Mi venninne G, legg av prinsipp ikkje frå seg ei bok, men denne hadde ho ikkje lese.

Dermed las eg vidare med låge forventningar. Men eg likte boka. Dette er forteljarkunst på høgt nivå. Handlinga er lagt til Nazi-Tyskland, og hovudpersonen er ei ni år gamal jente som kjem i fosterheim.

Eg anbefaler boka!

måndag 12. mai 2008

Ørstastafett

I dag har eg køyrt friidrettsutøvarar til Ørstastafetten. Hareid stilte med to jamngode lag både i jente- og gute-klassa, noko som gav to sølv- og to bronsemedaljar.
Sølvlaget. Ei av jentene hadde reist heim før premieutdelinga.

laurdag 10. mai 2008

God pinse!

Før helga ønskte eg elevane mine lykke til med konfirmasjonen til helga, og la til at eg håpa dei ville få like fint ver som forrige helg. Den eine som konfirmerte seg humanistisk, som det no heiter, i dag, har i alle fall hatt nydeleg ver. Det har kanskje til og med vore for varmt til å gå i bunad, men det bør kunne gå an å ha med seg skift!

Av dei som ikkje konfirmerer seg, er det flest hinduar (tamilar), men vi har og muslimar og ein buddhist på 9. trinn. Eg brukar å spørre dei om dei synest det vert mykje styr i konfirmasjonstida. Ein gut fortalde at han skulle få litt pengar så han også kunne vere med til byen på tysdag.

Sist den raude rhododendronen spratt ut før 17. mai, fraus blomane. Vi kan no håpe han får stå fint i år.
Kanskje Margrete kjenner att denne? Eg meinte den var kvit då eg fekk den.
Ballblomane og peonane veks no så det synest frå morgon til kveld. Det er sommar i hagen her!

---

I dag hadde det vore koseleg med bål! Då vi budde på Engeset feira vi pinse med pinsebrising. Er det nokon som gjer det lenger? Det luktar rett nok grill over heile byggefeltet her i dag, men det vert liksom ikkje det same. Noko anna eg hugsar, er at vi kasta sprayboksar på bålet. Dei eksloderte! Eg er sterk motstandar av å fortelje neste generasjon om rampestrekar vi gjorde, viss det vert til tips. Men akkurat her går det an, vi har vel ikkje ein sprayboks i hus! Eitt av yndlingsdikta mine, som eg av og til siterer til elevane i gitte situasjonar, lyder omtrent slik:

---

Dei sa at oss (vi) ikkje skulle putte erter i nasen.

Det hadde oss(vi) ikkje tenkt på før!

--

God pinse! Lykke til med konfirmasjonane!


onsdag 7. mai 2008

Vårteikn

Vårteikn: Forkjøling.Like sikkert som mai kjem med nydeleg ver og fuglesong, like sikkert kjem vårforkjølinga. I dag kreka eg meg på jobb som i går. I staden for å bli betre, begynte det å halde hardt i 5. time på kjøkenet. Elevane var heldigvis greie, halvparten laga klippekransar til seg sjølve, noko som alltid motiverer. Eg vert sjeldan sjukare enn at eg greier å halde ut til eg kjem heim og kan gje meg over. Slik også i dag. I morgon har eg kun tre undervisningstimar.

Ein kollega av meg var bortreist på ein stor dag, og tenkte at ho skulle lure seg unna festivitas. Vi hadde avtala å gå ut i ettermiddag/kveld, men no er ho ramma av same sykja. Om det er eg som smitta henne, så har nokon smitta meg. No har vi utsett det ei veke, noko eg er svært glad for.

Vårteikn: Dugnad. I dag vert eg andpusten av å gå opp trappa og orkar ikkje tanken på dugnad på leikeplassen. I går sa eg i frå at eg er vekke, men no var eg så dum at eg let opp døra. Typisk meg er å tru at dei no trur at eg lurer meg unna.

Vårteikn: Fotball. Øystein køyrer Høddarar i dag. Forrige veke såg vi 4 heimekampar på Hareid KGB, så denne veka er det bortekampar.

Vårteikn: Eksamen. Eldstemann tok fly til Bødø i dag for å fullføre og levere semesteroppgåva si. Kor tid han kjem att, veit han ikkje. Det kunne bli 17. mai i nord. Fristen var 26. mai.

tysdag 6. mai 2008

Leselyst



Både Øystein og eg les mykje, men sjeldan same bøkene. Sist eg var på biblioteket fann eg denne lydboka. Vi har papirboka heime. Eg likte absolutt boka, ei kort, men intens forteljing.

Viss eg skal lage 10 på topp-liste over bøker eg har lese i år, kjem Mustafa Can si bok om mor si framleis først! (No låg lydboka på biblioteket:)

søndag 4. mai 2008

Brødposar

Dei siste to vekene har elevane mine jobba med eit opplegg Signe og eg utarbeidde då den nye planen kom og elevane m.a. skulle "skape, utvikle, gje produktinformasjon". Vi kom fram til at dei etter kvart burde vere trygge i gjærbakst, og sette dei derfor til å lage brødoppskrift, bake grovbrød og designe brødposar. På baksida av posen er det brødmerke med % grovt mjøl og ingrediensar etter rekkefølge.
Mange har namnet sitt i namnet på brødet. Denne jenta har også fått med slagord.
Denne posen har eg for meg sjølv kåra til årets mest kreative. "Et mattebrødet og du blir eit geni", det spørs om reklamen held det han lovar!

Halvparten av elevane bakar grovbrød og arbeider med brødposen, resten lagar middag etter tallerkenmodellen. Det er eit populært opplegg, men krev at dei får god tid til planlegging. Vi planlegg det over to veker, der halvparten planlegg, og resten lagar mat (wok).

Av og til får ein tilbakemeldingar som gjer at ein føler ein når nokre av måla ein set seg.
"Solveig, oss kjøpte kneippbrød og grovbrød, kneippbrødet var 33% grovt og grovbrødet 34%!" Eg som hadde sagt at grovbrød skulle vere meir enn 50% grovt! Ja, ja, bakaren kan kalle det kva han vil, men særleg grovt var ikkje det grovbrødet. Eg spurde dei om dei såg på brødmerke før? Nei, men no var dei begynt med det!

Tremenningar

Konfirmanten har elleve tremenningar på Eid. Vi fekk treffe 10 av dei i dag. Dei også er flest gutar. Her er halvparten. Resten av tremenningane har ikkje eg tatt bilde av, men dei kan no dukke opp på andre bloggar.

Bord og kakebord.

Sunnmøringar er berømte eller berykta, alt etter korleis ein ser det, for sine enorme kakebord. Konfirmasjonen i dag var ikkje noko unnatak.





Konfirmasjon

I dag konfirmerte Ingeborg seg i kilsfjord kyrkje. Det har vore ein kjekk dag. Vi har fått møtt mange slektningar. Eg har ikkje tenkt å skrive så mykje, bilda får tale for seg.
Konfirmanten saman med tante og mor, alle i sognebunader.
Konfirmanten sin familie.
Besteforeldra/fadderane.
Søskenbarna. (Eivind og Vebjørn manglar.)

fredag 2. mai 2008

Bursdagssong til Vebjørn!

Vinnarlykke!

I dag tok eg lodd for 25 kr av Revmatikerforeininga. Slike pakkar brukar alltid å vere mest spennande med papiret på. Men sjå kva vi vann! 4 kvite (min farge!) og kakespade! Her er det berre å vaske og ta i bruk.
Vi har ikkje alltid hatt vinnarlykke. For 3-4 år sidag var Olaug og eg på kyrkjebasar. Ho skulle synge i kor. Mange foreldre gjekk etter programmet, men vi trefte kjentfolk og kjøpte oss kaker og kaffi. Medan venninna til Olaug samla gevinstar i eit plastnett, vann vi ingen ting. Vi kjøpte årar og lodd for ca 250 kr, men ingen gevinst. Til slutt spurde eg Olaug kva ho hadde hatt mest lyst til å vinne. Twistpose. På heimvegen stakk vi innom Mega og kjøpte med oss ein pakke twist heim.

Yngstemann fyller år!


Gratulerer med 2-årsdagen Vebjørn!

torsdag 1. mai 2008

Prøvepakkar


Eg verken kjøper frå eller gir pengar til telefonseljarar. Men når det er markedsundersøkingar, brukar eg å svare. Ein gong sa eg ja til å svare via e-post.
--
No sist skulle dei teste ut om eg var i målgruppa for å teste ut produkt for tørr hud, og det sytte eg for å bli.
--
Etterkvart angra eg meg litt, for eg har ikkje kjøpt så mykje slikt i daglegvarebutikkane etter at apoteket kjem med tilbod med jamne mellomrom. Tenk om dei ber meg oppgje kva merke eg vanlegvis brukar og ber meg samanlikne.... Ja, ja det kjem vel ein haug med prøvepakningar.
--
Det som kom var ei stor tube aloe vera fuktigheitskrem og ei stor krukke med dagkrem. No skal eg prøve dei i 5 dagar og svare på om eg likar lukt og om dei verkar som dei skal. Ingen samanlikning, eg pustar letta ut.

Narcissar i utval



Når ein tek nærbilde av påske- og pinse-liljene, ser ein kor flotte dei er. Den nedste er kanskje min favoritt.

Skjønn og mild mai

Tidleg i veka sat eg på Høddvoll og venta på Audun. Det var 16,5 grader og bjørka hadde sprotte. Eit par dager etterpå spratt ho her. No er tida komen for å klippe roser!
Kvitløken som eg planta ut fordi han hadde fått grøne skot, har vakse mykje.

Forglemmegei veks meir eller mindre vilt i hagen her.












Hugsar de peonane?

30.april



I dagf fekk vi vite at onkel Bernt er død, 80 år gamal.