torsdag 11. november 2010

Lefsebaking

Nokre årvisse hendingar vert nok gjengangarar på bloggen.
I dag starta vi med lefsebaking på skulekjøkenet. Kvar haust dei siste 11 åra har vi fått hjelp av besteforeldre til å bake.  Ei og anna gamletante og oldemor dukkar opp, og ein og annan bestefar, men bestemødrene er i fleirtal.

Eg kan ikkje legge ut bilde anna enn av meg sjølv.  Her finn de fleire frå 2007.

I fjor hadde vi besøk av avisa.

Oppskrifta vi bruker finn de her.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ser på deg som Hareids Ingrid Espelid ! Og det til tross for at du har ei mor som aldri har bakt ei einaste lefse og ikkje har planar om å gjere det heller.Derimot er eg ein resar på peparkaker.Men dei er like gode og billige å kjøpe.

solveig sa...

Billege, ja, men gode?

Besta sa...

Eg smakar dei ikkje. Likar ikkje brune kaker. Men ungane elskar dei.Kjøpte nokre på Gol i ein litt fin boks, og dei gikk ned på høgkant. Til og med Ingar likte dei.