måndag 28. desember 2009

Gjenbruk


Mykje vert oppdaga ved reine "tilfeldigheiter".  Opphavet til at denne spirekassa frå 80-talet kom i bruk att, var at eit par karar hadde vore i kjøkenskåpet og henta ammunisjon.  Rundt om i hagen begynte det å vekse erteplantar.  Desse vart plukka og gitt til kaninane som åt det som snop.  Så kom eg på at eg hadde ei slik spirekasse i matboda. 

Kanskje nokon lurer på kva den har vore brukt til, og korleis den verkar?  Ein legg erter eller spirar i blaut så lenge det trengs.  Deretter skyl ein vatn gjennom dei to laga to gongar for dag.  Då spirer frøa.  No må det seiast at det er artig å sjå korleis den verkar, men mungbønnespirar  kom aldri  til å utgjere nokon stor del av kosthaldet.  Men kven veit kor tid det vert i skuddet att? 

p.s.
Eg trur nokre tobeinte har lurt seg til å smake kaninmaten.

4 kommentarer:

Besta sa...

Hadde ei slik spireperiode ein gong i tida,men var fort lei. Eg hadde spirane i eit Norges-glas.

solveig sa...

Det var vel det vi kallar ei feme.

Alt godt sa...

Dette held på å ta seg opp att, viss du googlar "raw food" får du masse treff, og dei driv med spirar, mellom anna. Vi kjøper av og til spirar i pose dersom vi skal lage ein fin salat. I salatdisken i kantina på jobb finn eg rett som det er spirar blant råvarene.

solveig sa...

Eg har i alle fall utstyret i orden! Eg har sett spirar i butikken, men tenkt at dei vert friskare om ein spirar dei sjølv. Elles er det ein del kurar ute og går, og då må no desse innehalde mykje protein. Eg har brukt mungbønner, men kanskje det er lettare å få tak i anna på t.d. helsekost? Vi kan no dele med kaninane....