søndag 27. desember 2009

Bok 76: Langdryg krim

Då eg fann denne boka tilgjengeleg på biblioteket, vart eg glad, og ho kom øvst på leselista.  Etter å ha lese boka, noko som tok si tid av ulike grunnar, er eg ikkje like begeistra.  Kvifor har eg brukt så lang tid på å lese den?  Fordi den er lang med sine 17 CD-ar?  Fordi eg har hatt lite tid til å lese?  Kjem ein over ein pageturner, finn ein som regel tid til å lese.
Eg fann ei melding på NRK som set ord på kjensla ein sit att med etter å ha lese romanen: Spennende men lang Hole.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg er som vanlig ikkje samd med det store fleirtalet, for eg er ikkje overbegeistra for Jo Nesbø sine bøker, i alle fall ikkje alle. Denne har eg ikkje lese.Eg likar ikkje altfor lange bøker heller; 8-10 CD-ar er nok. Veit ikkje kva det tilsvarar i sidetal.

solveig sa...

Denne var visst 620 sider.

Wenche sa...

Jeg leste den ut på null komma null, men så er jeg fan av både mannen og forfatteren. Fordelen med ordentlige bøker er at man kan speede opp og ned sjøl.

solveig sa...

Heilt sikkert eit poeng. Mange namn og handlingar gjer at eg har høyrt litt opp att. Det er lettare å finne tråden i ei papirbok.
Eg har ikkje noko krav om at ting skal vere sannsynleg, men denne boka verka som han hadde høge ambisjonar om intrikat intrige, ei dårleg etterlikning av Mankell.
Men eg forstår at eg har fleirtalet mot meg. Dette er ein bestseljar, men då stiller ein også høgre krav.