torsdag 24. desember 2009

24 desember: God jul!





No er bordet dekka og vi er klare til tradisjonell julefeiring.  Vi går på den første gudstenesta der det er barnekor som syng.  Mannen i huset kokar medan eg står for borddekking og dessert.  Vi har ingen faste desserttradisjonar.  I år vert det krumkaker med moltekrem.

Sidan det er sol på julaftan, tok eg eit bilde mot sola.  Snø er det ikkje mykje av.  Her er kaldt, fint ver.

Eg ynskjer alle ei god og fredeleg jul!



4 kommentarer:

solveig sa...

Eg var godt vaksen før eg første gong opplevde sol på julafta.Så for meg vil det alltid vere feil.
Med Nils er det annleis, han hadde aldri visst at sola kunne vere vekke om vinteren før han feira jul på Eid. Første gongen i 1959.

STRIKKEMOR(O) sa...

Ei riktig god jul dykk også!!

solveig sa...

Øvste kommentaren er Besta sin....

arieldog sa...

God jul til alle dykk!