laurdag 1. november 2008

Friidrettsfeiring

I dag feirar friidretten seg sjølv. Då startar dei med å springe rundt vatnet, og held fram med middag på hotellet om kvelden. Svogeren min er med og feirar. Han kom i går kveld og skal vere til i morgon. I dag fekk eg ein nydeleg orkidé. Skal tru om han såg at ein av dei som står i vindauget har begynt å tape seg? Det skulle ikkje forundre meg!

Eg måtte sjølvsagt dra den om epifytten. Kva er ein saprofytt, spør han. Utan alternativ stod eg fast. Ja, ja så fekk eg repetert litt i dag og.


1 kommentar:

Besta sa...

Denne gongen måtte eg melde pass. Eg hugsa ordet,og at det ikkje var så langt unna epifytt, men ikkje akkurat kva det var. NO veit eg det.
Fin orkidé. Kjekt å sleppe å kjøpe blomster sjølv!