laurdag 8. november 2008

Årets jordskokkar

Dei som har følgt bloggen min sidan i fjor, hugsar sikkert jordskokkane. Eg hadde ein heil åker full. Ei venninne av meg fekk så mykje ho ville ha, og så tok eg vare på nokre få ein annan stad i hagen. Resten vart menneskmat og kaninfor. Halve jordskokkåkeren dekte eg med ein stor haug kompost og sette to skvåsjplantar i. De hugsar kanskje kjempeskvåsjen?

Men trur de jordskokkane døydde ut? Tvert i mot! Spesielt i den delen som grensar mot skvåsjane, har det kome kjempejordskokkar.

Av alle rettane vi har prøvd ut, står vi att med ein, nemleg omnsteikte saman med dei grønsakene vi måtte ha i hus. I dag stod elles steikte karbonadar på menyen.
Det vert nok att til kaninene i år også. Dei elskar det!

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har aldri smakt jordskokk!

solveig sa...

Det tek eg som eit hint. Håkon skal minne meg på at vi grev opp til neste helg.....