fredag 7. november 2008

Kosekanin

Jentene i nabolaget her har ein felles hobby: Kaniner. I sommar har det vore ein del såkalla "kanintreff", noko som har resultert i nokre kull kaninungar. Og kven får ikkje lyst på slike søte små? Jentene har no minst to kaniner kvar.
Noko utstillingskanin er dette ikkje. Ferdene gav klar beskjed om at dei kom ikkje til å reise land og strand rundt på kaninutstillingar då temaet kom opp. Marlon, som er oppattkalla etter ein fotballspelar på Aston Villa, er bastard. Han, håper vi, er 1/2 Teddy, 1/4 Dvergvedder og 1/4 Løvehode.
Tidlegare har eg ikkje hatt sansen for kaniner. Dei ser passeleg enkle ut der dei sit i bura sine og et. Det at dei et grønsakrestar, brødrestar og kokte poteter har vore største gleda med dei. Men eg ser at dei vert mykje lurare enn ein skulle tru viss ein temjer dei. Eg gløymer ikkje den gongen Håkon kom att frå leirskule. Kanina hoppa og gjorde ekstra store kast med føtene i rein begeistring!
P.s. Eg veit at det heiter ein kanin.

7 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Trudde først det var ein matrett, men ser eg tok feil (heldigvis):-)
Har du fått ny hårsveis. Kledeleg!

Besta sa...

Det veit eg og, men seier EI kanine, slik som det er vanleg i min dialekt. Søte er dei i alle fall.
Under krigen hadde pappa kaninar i bur oppe ved sjukehuset. Då var det matauk, og eg kan ikkje hugse at vi kosa med dei. Nesten alle var kvite med raude auge.Nesten alle jenter hadde kvite kaninskinnhuer den gongen, med silkeband som glei opp heile tida. Dei hadde vi på oss når vi gjekk på søndagsskulen- til lenge etter krigens dagar.
Eg må ha ete mykje kaninkjøt i min barndom, men trur ikkje det blei så mykje snakka om det ved bordet.Eg veit berre at mamma ikkje var særleg begeistra for å få harar frå far sin. Ho likte nok ikkje å flå dei pelskledde skapningane.

solveig sa...

;-)Eg innrømmer at bildet var litt for å vise ny sveis.......
Eg har ete kanin, men aldri meir.
Då skal det bli verre krisetider.

Besta sa...

Eg såg at du var ekstra fin på håret, men ikkje kva du hadde gjort. No ser eg at det er klipt.

Olaug sa...

ÆÆÆÆÆÆSSSSJJJJ!
Har du verkeleg ete det???

Besta sa...

DEt er vanleg å ete kaninkjøtt over nesten heile verda, for mange stader er det ville kaninar i skogane.Men vi kan ikkje sitte å tenkje på dyra mens vi et kjøt, det gjer i alle fall ikkje eg.Kva med gris? sau? kyr? for ikkje å snakke om pølser!

arieldog sa...

Eg har ete pasta med hare, og det var.....spesielt. Kaninar er nydelege dyr å klappe på, og sikkert gode å ete òg. Naboen i Starevegen hadde kaninar til matauk, og han kalla dei to første hoene opp etter døtrene sine. Det syntest vi var litt underleg.