tysdag 4. november 2008

Fleire fletter

På spørsmålet "Går det like bra med grove flettebrød?", skulle eg til å svare: "Sjølvsagt!"

Til kvardags brukar vi ca 75% grovt brød, og det er sjeldan vi et loff. 5-flette er det nokre år sidan eg har laga. Så eg bestemte meg for å kombinere to idéar.

Sjølv om eg knadde den grove deigen, laga av grovbakstmjøl, vart han ikkje særleg seig. 5-flettene slitna, og eg laga raskt nokre kortare lengder til ei 6-flette. I full fart heiv eg ingrediensar til ein loff oppi brødbakemaskina, og trilla ut 5 emne utan å heve deigen først. 5-fletta er litt vanskelegare enn 6-fletta, meiner eg, men no har lyset gått opp for meg.

For å sitere meg sjølv i dag: Denne veka er det elevane som er stressa. Dei har praktisk og teoretisk prøve i Mat og helse, fletteloff og ernæringslære. I dag bakte alle flotte 6-fletter. Det er tydeleg at dei har øvd seg heime!

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Nokre bakar fletter og andre strikkar fletter. Du er flittig på kjøkkenet!

solveig sa...

Eg driv ikkje med handarbeid, så for å vise noko heimelaga, må det bli mat. Eg trur eg skal gjere som vår felles bestemor, ta opp att handarbeid når eg vert pensjonist.