laurdag 22. november 2008

Språk


Denne veka har eg hengt meg opp i ein (u)vane mange elevar har, nemleg:
-Fe'kje oss?
Eg har prøvd å få dei til å høyre nyansen mellom
- Fe'kje oss? og
- Fe oss?
Kva høyrest mest positivt ut?
Kva for uttrykk er lurt å bruke viss ein vil oppnå noko?
---
Fredag har eg dobbeltime i norsk. Regelen på vår skule er at klasseromma skal låsast i friminutta for å hindre hærverk.
- Ka, fe'kje oss vere inne i friminuttet? seier ei av tre som sit der.
Eg sender henne eit langt blikk.
- Kan oss ver så snill å få vere inne i friminuttet? spør venninna med bedande blikk.
Då låser eg døra og dei lovar å ikkje sleppe inn fleire.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ein gong eg kom inn til klassen min, vart det unisont ropa på:Utetime! Utetime!
Då gav eg dei i oppgåve å finne ut ein skikkelig måte å spørje på. Og det var ikkje grenser for kor lekre dei gjorde seg. Men eg hadde ein gut i klassen som var litt meir "tenkt" enn dei andre.Kva han sa? Noko slikt som: "NO synest eg vi har jobba så godt at vi kanskje fortener ein utetime." Det syntest eg også.Håper dei lærte at ein må gjere seg fortent til godene.

solveig sa...

Og at det løner seg å spørje fint. Ingen likar uforskamma born..