På turen nedover var vi innom Astruptunet og Bokbyen, Fjærland. Eg kjem sterkt tilbake med bilde om ei lita veke.
P.S.
Veret har vore fantastisk heile turen med temperaturar opp til 32 grader.

Under 2.verdskrig bygde tyskarane eit kystfort på Kvitneset. Ein del av Festung Norwegen. Tyskarane hadde mange kanonstillingar her, strategisk plasserte ved Breisundet, som er innløpet til Storfjorden.
For 17 år sidan tok eg med meg ei 6. klasse på sykkeltur på Kvitneset. Då hadde eg fått tak i kart over området, og vore ut på førehand for å sette meg inn i stoffet. No ser eg at nokre av plakatane er øydelagde. Det er grunnmurane på husa som står att. Mange av tyskarbrakkene vart demonterte og nytta til mellom anna forsamlingshus etter krigen.
Der er gangar i terrenget der ein kan gøyme seg når ein går. Eg veit om foreldre som tek med borna dit for å leike krig. Om det er så trygt, er eg usikker på.
Ser de holene i fjellet? Tyske ammunisjonslager!
Inni her var kommandosentralen. Dette er ein bunker inne i fjellet med lange gangar oppetter fjellsida. Her treng ein lommelykt!
Hjørungneshornet kan vel knapt kallast "fjell". Vi la turen dit for å finne ein Hareidstrimpost. Her ser de litt av Hjørungavåg og Hareid litt lenger bak.
Hjørungavåg. Der har kome fleire, eller større, industribygg sidan eg slutta å jobbe der for vel 11 år sidan.
Her ser de mot Vartdalsfjorden. Vi plukka med oss 1,8 kg blåbær som vi rørte då vi kom ned att. Det vart pannekaker m/svensk flesk til middag.
Masdalsklova.
Westerland.
Rosa Rugosa. Eg har to busker. I går fjerna eg mange villskudd. Det merkar eg på hendene i dag. I tillegg til fliser greidde eg å klemre meg på rosesaksa.
Klematisen har begynt å blomstre.
Det er fine blomster på skvåsjen, men frukter (grønsaker!) er det verre med. Den har kanskje fått for lite næring i år. Ein bør vel drive meir vekselbruk.
Dette skaberaklet av ein plante er no forvist til ein utkant i hagen der det skal få stå åleine. Solitærplante heiter det vel på fint. Om hausten får planten gule blomster. Han kom som ein liten plante, men brått var han blitt ein kvadratmeter. Storleiken er ein ting, men sjå på blada! Eg trur sniglar med hus har skulda.

Sidan Odd og Tormod skulle opptre i eit av telta på Landsstemnet for Kysten, tok Øystein og eg oss ein tur til Fosnavågen. Der yra det av liv. Butikkane var opne i all fall til 18. Der var fullt av båtar ved bryggene og campingbilar på land.
Cabareten varte ca ein time. Odd er ein ordkunstnar og Tormod flink på gitar. Midt i konserten kom regnet. Det merkar ein når ein sit i eit telt. Så no er her tilbake på 12 grader.
Dei påstod i alle fall det på butikken i dag, at det er finare ver i Valldalen enn her. I fjor bestilte eg bær som eg ikkje fekk på grunn av regn i Valldalen. Det vil seie eg fekk dei, men fleire dagar etterpå, så det vart eit langdrygt prosjekt. I går var eg for sein å bestille, men dei lova meg 10 kilo om eg var der i eittida.
Julie på julaftan.
Som kjendt para vår kanin seg med nabokanina for 9 dagar sidan. No vil ungane her sjølvsagt ha ein av ungane. Eg nektar å kjøpe utstyr før vi seg korleis det går. Dei har fått lære uttrykket "å selje skinnet før bjørnen er skoten".
Utvalet på biblioteket vert meir og meir innskrenka dess fleire lydbøker eg les. Dei tek ikkje inn nye bøker før etter ferien.
Etter at ungdommane hadde ete frukost,reiste gjestene vidare.
Øystein ville ta seg ein fjelltur, og eg køyrde han ut mot Ulsteindalen. På heimvegen stoppa eg i byen og fekk dagens trim mellom kjøpesentera.
Sidan det var skodde i fjella, og vi ventar på overnattingsgjester, valde vi å ta oss ein tur til Eika. Vi var der i haust også, men no har dei lagt ut ny hareidstrimpost der.
Utsikt mot Yksnøya.
Stien over øya er brei. Vi møtte ei dame med vogn også.
Vi tok pausen på same stad som sist. Før vi for heim, åt vi oss "mette" på blåbær.
I vår trudde eg at Aloharosa , eller Hawaiirosa som Øystein kallar ho, hadde stroke med i vinter. Men då burde der stått att ein rest. Så kom eg fram til at eg kanskje hadde flytta ho i fjor haust. Men kvar? I går fann eg rosa. Eg hadde sett den i næringsrik mold på ein solrik stad.


