Før helga ønskte eg elevane mine lykke til med konfirmasjonen til helga, og la til at eg håpa dei ville få like fint ver som forrige helg. Den eine som konfirmerte seg humanistisk, som det no heiter, i dag, har i alle fall hatt nydeleg ver. Det har kanskje til og med vore for varmt til å gå i bunad, men det bør kunne gå an å ha med seg skift!
Av dei som ikkje konfirmerer seg, er det flest hinduar (tamilar), men vi har og muslimar og ein buddhist på 9. trinn. Eg brukar å spørre dei om dei synest det vert mykje styr i konfirmasjonstida. Ein gut fortalde at han skulle få litt pengar så han også kunne vere med til byen på tysdag.
Sist den raude rhododendronen spratt ut før 17. mai, fraus blomane. Vi kan no håpe han får stå fint i år.
Kanskje Margrete kjenner att denne? Eg meinte den var kvit då eg fekk den.
Ballblomane og peonane veks no så det synest frå morgon til kveld. Det er sommar i hagen her!
---
I dag hadde det vore koseleg med bål! Då vi budde på Engeset feira vi pinse med pinsebrising. Er det nokon som gjer det lenger? Det luktar rett nok grill over heile byggefeltet her i dag, men det vert liksom ikkje det same. Noko anna eg hugsar, er at vi kasta sprayboksar på bålet. Dei eksloderte! Eg er sterk motstandar av å fortelje neste generasjon om rampestrekar vi gjorde, viss det vert til tips. Men akkurat her går det an, vi har vel ikkje ein sprayboks i hus! Eitt av yndlingsdikta mine, som eg av og til siterer til elevane i gitte situasjonar, lyder omtrent slik:
---
Dei sa at oss (vi) ikkje skulle putte erter i nasen.
Det hadde oss(vi) ikkje tenkt på før!
--
God pinse! Lykke til med konfirmasjonane!