laurdag 7. august 2010

Vigelandsparken

For ei tid sidan såg eg på TV at det utlendingar vil sjå i Oslo, er Vigelandsparken.  Sjølv har eg ikkje vore der på 38 år!  Kor mange TV-reportasjar eg har sett derifrå dei åra, veit eg ikkje. 
Statuene og fontenene er sjølvsagt flotte.
Her er hundrevis av detaljar å studere.
Parkane rundt er store, og nærast kunstverka er der fine bed.
Rosebeda er eit kapittel for seg.  Eg skulle gjerne ha toppa opp og tatt fleire bilde. 

Han her kjenner vi att!

Ingen kommentarer: