onsdag 25. august 2010

Siste tilskot

For nokre år sidan arva vi eit piggsvinhus.  I Ørsta ville ingen flytte inn i det, så vi prøvde å rigge det til etter alle kunstens reglar her i hagen.  Men ingen piggsvin ville bu der.  Så kom vi på at i stadenfor å la det stå tomt, kunne vi la Lucy sove i det om natta.  Det har ho gjort.  Men no har det plutseleg begynt å dukke opp piggsvin.  Denne vesle ungen kom her i ettermiddag.  Kanskje Bolla er ein Børre eller Peggy ein Per?

No håper vi berre at dei ikkje har tenkt å ligge bak eller inni vedhaugen i vinter, for den kjem til å minke.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ein god ruskekomposthaug med kvist og kvas er beste vinterbustaden for piggsvin. Sør dei vintersøvn eller ligg dei i dvale, forresten.

solveig sa...

I dvale les eg på Wikipedia. Der står og at dei kan ete katte- og hundemat.