måndag 9. august 2010

Fram

Siste dagen i Oslo bestemte vi oss for å oppsøke ein ny attraksjon.  Valet fall på Frammuséet.  Vi tok buss dit og båt tilbake til Aker Brygge.  Har ein vekeskort/månadskort, reiser ein fritt på både buss og båt.
Ein modell av Framskuta.
Ein kunne gå og rusle rundt i tre "etasjar" på eiga hand.  Der hang plakatar med informasjon.  Ein fekk også gå inn i skuta.
Det var lov å fotografere!
Eg var overraska over kor fint der var.
Piano og grammofon var liksom ikkje det er forventa å sjå.
Medisinsk utstyr.
Utstoppa dyr.
Vi kjøpte med oss ein liten kosesel til minstemann i tillegg til nokre hefta bøker slik at vi kan studere meir heime.  For her var verkeleg mykje å sjå.  Eg trur Besten ville ha likt seg godt.

Ingen kommentarer: