søndag 8. august 2010

Familiesommarsamling

I dag har vi hatt besøk av alle søskenbarna på mi side av slekta.  Dagen starta noko uventa med høljregn.  Men så skein det opp og vi kunne vere i hagen.  Kongsberggjengen fekk leike med dyra.  Og fleire dyr kom til i løpet av dagen.


Observante blogglesarar har kanskje fått med seg den triste dagen i sommar.  I kvar si bygd på same dag døydde kaninane til Olaug og Amanda.  To kaninheimar stod tomme.  I dag fekk dei seg kvar sin ny kanin.  Dei er søsken, og Nusse er faren deira.
Olaug sin er til venstre.  Kanskje han får hengeøyre?  Amanda sin var kvikkare med litt lengre ansikt.  Det kan vel kome fleire bilde på bloggane deira.

Ingen kommentarer: