torsdag 30. september 2010

Bringebærkake

Inspirert av meg sjølv, gav eg meg i kast med kakebaking i går.  Eg ville prøve oppskrifta på blåbærkake.  Den vi laga på skulekjøkenet vart blå i heile botnen.  Var det på grunn av at vi brukte frosne bær, eller fordi dei hadde fått tine for lenge på kjøkenbenken.  Ting tek tid på skulekjøkenet.

Sjølv bakte eg på vanleg måte, men venta med å hente bringebær frå frysaren heilt til røra var ferdig.  Som de ser vart ikkje kaka mi raud!  Ei venninne kom innom på kaffi.  Då serverte eg kaka med vaniljekrem og krem.

Det vert nok litt kake i dag og, for som kjent likar eg ikkje å bake små kaker, så eg dobla oppskrifta. 

Ein fordel med denne kaka er at ein som regel har ingrediensane i hus.  I enkelte kakebøker er det ein eller annan spesiell ingrediens i alle kakene.  Då står ein fast om ein skulle få lyst til å bake.  Etter ein har handla, er kanskje inspirasjonen vekk.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg er ingen stor tilhengar av å bake kake i tide og utide, men det er no kjekt å ha "om det skulle kome eit menneske". Du skriv ingen ting om korleis kaka smakte, om du synest den blei betre enn blåbærkaka. Eg har laga rabarbrakake med frosen rabarbra, men godt resultat.

arieldog sa...

"Inspirert av meg sjølv" - den var god!

solveig sa...

Bra nokon oppfattar humoren/ironien ...

solveig sa...

Kva bær er best? Studenten ville nok hatt blåbær i, sjølv er eg mest glad i bringebær.
Elles kunne ein gjerne hatt ein bærsaus eller ein liten fruktsalat attåt. Mulegheitene er mange.