onsdag 22. september 2010

Ungdomsskulebollar

Onsdagane har vi ei kantinegruppe som lagar noko "kosemat".  Vi har prøvd med ulike bollar, og kome fram til at desse er både populære og enkle å lage.  Vi som har prøvd litt forskjellig, har opplevd rosiner som flyt i gangane, og vi veit kor mykje rot og søl som følgjer med vanlege skulebollar.  Desse kan eg trygt anbefale.  Eit lite atterhald: Eg har hatt i sjokoladebitane.
2 pk raud gjær

250 g smelta smør
12 ½ dl mjølk
3 dl sukker
2 ts kardemomme
2 kg kveitemjøl
vaniljekrem
kokesjokolade

1. Smuldre gjæren i bakebollen. Bruk stor kjøkenmaskin.

2. Varm mjølka til 37 grader og hell over gjæren.

3. Ha i resten av ingrediensane og elt deigen smidig og jamn i maskina.

4. Set deigen til heving. Han er ferdig når han når kanten av bakebollen.

5. Del deigen opp i emne på 100 g og trill glatte, sprekkfrie bollar. Trykk dei litt flate.

6. Set omnen på 225 grader.

7. Lat dei heve til dobbel storleik, ca 25 minutt.

8. Lag ei grop i midten av bollane, og fyll ho med ein bit sjokolade og litt vaniljekrem.
   (Eg klipper eit passeleg stort hol i ein "Piano"-pakke.)
9. Steik bollane i 10-15 minutt, og avkjøl dei på rist.


2 kommentarer:

ariel sa...

Takk for tipset! Dette må verte ein "formingsaktivitet" i haustferien :)

Besta sa...

Sjokolade i bollar? Høyrest pyton ut! Eg grøsser. Då vil eg heller ha rosiner,ja.Eller ingen ting. Oppskrifta er sikkert god, skal prøve den-ein gong.