tysdag 28. september 2010

Blåbærkake

Då restane av denne kaka kom på lærarrommet, var det nokon som ville vite kvar eg hadde plukka blåbæra.   Eg måtte som sant seie at dei var plukka i frysaren til Prix.  Det må vere lov!

Når ein har baka ein del, ser ein fort om ei oppskrift er grei.  Dette er ei heilt vanleg kakeoppskrift der ein rører smør og sukker kvitt.  I staden for blåbær kan ein bruke andre sortar bær eller frukt.

Ingrediensar

200 g smør
3 dl sukker

4 stk egg

1 dl mjølk

4 ½ dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker

ca. 2 dl blåbær , evt. solbær, bringebær eller jordbær
(Vi brukte heile pakken)
 
Slik gjer vi:
Rør smør og sukker kvitt. Ha i eitt og eitt egg. Tilset melka vekselsvis med mjøll blandet med bakepulver og vaniljesukker.


Fordel røra i en bakepapirkledd, liten langpanne. Dryss over bæra (evt. frosne bær treng ikkje å tine først). Steik kaka ved 175 °C i 30-35 minutt.

Kaka er svært saftig og smakfull. Den er også fin å fryse.

Vi serverte kaka med krem.

Kjelde: http://www.matprat.no/artikkel.aspx?artid=3308

1 kommentar:

Besta sa...

Eg synest det er heilt greitt å kjøpe bær når ein ikkje treng dei store mengdane.Og mange kakeoppskrifter kan ein sikkert variere med ulike bærsortar og frukt. T.d. Marits rabarbrakake og Margrete si eplekake.