I dag hadde eg behov for å senke skuldrene og nyte kviledagen. Eg ser på Facebook at det har vore mykje fårikål rundt om i heimane. Her vart det restemiddag sidan vi hadde svinekotelettar og blomkålsuppe i går då alle var heime. No har fiskaren kome heim med ei lange på 4 kg og eit knippe makrellar. Makrellane har eg kokt i saltvatn med eddik og pepar i, såkalla "sylta makrell". I morgon er det berre å sette på poteter og lage agurksalat.
1 kommentar:
Fisk er godt-som regel. I morgon skal far din ut og fiske igjen. Med ny fiskekamerat.
Legg inn en kommentar