søndag 19. september 2010

Senka skuldrer

I dag hadde eg behov for å senke skuldrene og nyte kviledagen.  Eg ser på Facebook at det har vore mykje fårikål rundt om i heimane.  Her vart det restemiddag sidan vi hadde svinekotelettar og blomkålsuppe i går då alle var heime.  No har fiskaren kome heim med ei lange på 4 kg og eit knippe makrellar.  Makrellane har eg kokt i saltvatn med eddik og pepar i, såkalla "sylta makrell".  I morgon er det berre å sette på poteter og lage agurksalat.

1 kommentar:

Besta sa...

Fisk er godt-som regel. I morgon skal far din ut og fiske igjen. Med ny fiskekamerat.