tysdag 21. september 2010

Bok 42: Heilslakt?

Observante blogglesarar har kanskje fått med seg at eg har lese denne boka, og ikkje likt det eg har lese.  Midt i boka hadde eg mest lyst til å legge den frå meg.  Men så bestemte eg meg for å fullføre lesinga for så å slakte boka etterpå.

Kva er det som er så ille?

Historia er enkel.  Slekta til hovudpersonen palestinaren Amal frå 2. verdskrig og fram til i dag.  For kvar krig eller urett det palestinske folket lid under, ramnmar det ein eller fleire familiemedlemar.  For å ikkje vert heilt partisk, let forfattaren eine broren hennar verte kidnappa av ein barnlaus jøde, slik ar han veks opp som David. To brør kjempar i same krig på kvar si side.  Det får fram kor meiningslaus krig er.  Eit arr gjer at dei seinare kjenner han att.

Det som er interessant med boka, er den politiske historia sett frå palestinsk side.  Tiandeklassingane våre besøker no konsentrasjonsleirane frå 2. verdkrig.  Boka stiller spørsmål om palestinarane får lide for jødane sine lidingar.  Når ein får høyre om enkeltskjebner i desse krigane og nedslaktingane, vert det sterk kost.

Men så er det språket det vert fortalt med.  Uttrykk som "Hjertet hennes blir fylt av kjærlighet", vert berre heilt feil til krigsskildringar.  Og liknande uttrykk er boka full av.  Det vert klissete, og ein assosierer dei med onsdagsfilmen på TVNorge med Melissa Gilbert i hovudrolla.

Synsvinkelen skiftar mellom ei allvitande forteljarstemme i nokre kapittel, og Amal si stemme i andre.  I tillegg får vi informasjon gjennom brev. I lydboka er dette løyst med ei mannsstemme og ei kvinnestemme.
Ikkje overraskande er forfattaren sjølv palestinar som har utvandra til USA.

4 kommentarer:

ariel sa...

Der fekk du sagt det! Eg er heilt einig!

Besta sa...

Eg las berre tre plater før eg lånte boka vidare til Margrete. Reknar med at eg vil synest det samme som dokke viss eg les den ein gong. No kan det hende at "språket" dvs. seiemåtane høyrer heime i forfattaren sin kultur?

BenteOO sa...

Eg las litt fleire av bokkritikkane dine før eg skreiv, -eg skjønar du legg noko anna i nemninga "historia er enkel" enn det eg ville ha gjort om same tidsperiode i dette området.
Difor gjer eg det så enkelt: - Eg er glad for at eg har lese heile boka!

solveig sa...

Eg skil mellom historia/forteljinga i boka og den politiske historia som absolutt ikkje er enkel, men framstilt frå eine sida her.
Eg tok ikkje med noko om slutten på boka, som eg meiner var dårleg oppbygd med brev m.m. Når ein jøde, ein palestinar og ein amerikanar skal bu i same leilegheit i USA, då vert enden for happy for meg!
Bokmeldingane mine er heilt subjektive. Eg har min smak, så får andre ha sin;-)