laurdag 11. september 2010

Husmordag

I fjor kjøpte eg meg ny saftkokar og brukte han mykje.  I år har vi ikkje så mykje bær, men det har vorte nokre runder med saft.  Eg fyller kokaren med bær og 1 kg sukker.  Den første safta er finast, så den puttar eg i frysaren til seinare bruk.  Resten har eg i muggar og set i kjøleskåpet.  I dag plukka vi mest grøne stikkelsbær som gir oransje saft.

Til middag laga eg kyllingforma som de kanskje hugsar frå i vår.  Kjøtdeigen var av typen Deal, eller få attpå som eg kallar han.  Denne forma vart til overs, og eg har gøymt den til i morgon.  Journalisten skal relativt tidleg på jobb.  Så då kan han få litt til lunsj.
Slik såg brøda ut i min barndom.  Dei sprakk litt i dag, men det er betre enn at dei vert smuldrete.
Dagens fangst.  No har fiskaren nettopp kome heim med to langer og ein hai.  Sjekk blikket! Haien vert kattemat om blogglesarane ikkje har eit betre forslag!

2 kommentarer:

Teta Pehta sa...

Eg spiste hai for leeenge sida,men kan ikkje huske heilt korleis det smakte...det her fant eg på nettet:

http://edition.cnn.com/HEALTH/indepth.food/meat/seafood/shark.mercury/index.html

det er ikkje bra å ete det nå,katten kasnkje?

solveig sa...

Katten får den i porsjonar!