fredag 10. september 2010

Bok 40: Finsk-estisk

Då eg fann denne boka på biblioteket, var det noko kjent med den.  Eg har sikkert høyrt og lese om henne.  Sidan den har fått Nordisk råds litteraturpris, ville eg gje boka ein sjanse, sjølv om eg i utgangspunktet var litt skeptisk til den unge forfattaren. 

Eg let meg rive med i forteljinga om dei to kvinneskjebnene.  Hopping i tid, krev konsentrasjon når ein høyrer lydbok.  Men få namn og elles enkel oppbygning gjorde at eg greidde å henge med.  Dette er ikkje ei krimbok, men spenning finn ein likevel!  Terningkast 6 frå meg.
Bildet er tatt frå Dagsavisen. der kan de og lese meir om boka.

Her kan de finne opplesing(lydspor).

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har brukt lang tid på denne boka. Den første gongen eg lånte den, mangla plate nr.6, så eg måtte avslutte. Då biblioteket hadde skaffa den manglande plata, begynte eg på nytt. Dei siste platene las eg i sømnlause nattetimar, så eg trur ikkje eg er kompetent til å uttale meg så godt om denne boka.No held eg på å lese dei siste platene om att.
Eg kan opplyse om at boka fekk Nordisk råd sin litteraturpris no nyleg.Så den er verd å lese.Les elles om boka på lenka eg har lagt inn-eller andre stader på nettet. Og for all del:Les boka.

Besta sa...

Kopierete det eg skreiv om boka rett etter at eg hadde lese den.