tysdag 22. juni 2010

Gratulerer Øystein!

I dag kan vi gratulere forfattaren i huset med dagen!  Vi kan og gratulere han med dikt i det shetlandske magasinet The New Shetlander.  Observante lesarar hugsar kanskje denne dama. Ho har omsett dikta til "shetlandsk".  Øystein har fått hjelp til å omsette dikta sine til engelsk. Viss de trykker på bildet under, kan de lese dikta og sjå kven dei gode hjelparane har vore.

4 kommentarer:

Besta sa...

Dette var jammen litt av ei overrasking! Vi var og hørte på denne shetlandske dama på Aasentunet sist vinter, og eg kan forsikre alle som ikkje var der om at det shetlandske spåket er nydelig. Etter som eg forstod, var det utvikla frå det gamle skotske språket. Eg forstår ein god det når eg ser det på trykk, men trur eg må leite opp og lese originalen.
Gratulerer til Øystein og hjelparane.

Besta sa...

No har eg funne att to av dikta i bøkene til Øystein, og etter kvart som eg les tekstane på Shetlandsk, finn eg mykje likskap med islandsk i tillegg til hollandsk. Ikkje så rart for desse språka høyrer jo til samme språkgruppa.Eg finn nok dei andre dikta også, for eg forstår kva dei handlar om.

solveig sa...

Eg skal hjelpe han å lage sin eigen blogg. Då får han legge dei ut der.

Elin sa...

Gratulerer så mykje med dagen og med omsetjingane. Interessant å lese dette språket, det er første gongen!