torsdag 24. juni 2010

Gratulerer Einar!

I dag fyller Einar 23 år!  Mimrebilda er frå eit anna VM-år, nemleg 1994.  På andre bilde har han og broren T-skjorter med USA - here we come.
Som storebror er du også forbilde.


Her har han teikna favorittlaget sitt, Tottenham.
Meir fotball!  Kan ein ikkje spele ute, så er dette spelet eit alternativ.  Kan det ha vore i barnedapen til broren?  Mora har i alle fall gjort eit forsøk på å pynte karane med kviteskjorter.  Vanlegvis gjekk det ikkje mange minutt før dei hamna utanpå buksene.

Kva er arv og kva er miljø? Dette har vore det store spørsmålet i vinter.  Einar var ikkje gamle karen før vi såg at han var ein arbeidsmaur.  Det var ikkje store fakter på han, men han styrte med sitt, jamnt og trutt.  Bad vi han om ei teneste, vart ho gjort med ein gong, ikkje utsett slik andre har ein tendens til.   At det er fotballen som får glede av den frivillege innsatsen hans, ja der kan nok miljøet spele inn ...

1 kommentar:

Besta sa...

Og er hugsar ei anna teikning av favorittlaget Tottenham Hotspurs. Der hadde han teikna alle spelarane og skrive namn på dei.
Eit anna minne frå han var ganske liten. Øystein måtte skrive alle tala frå 1-1000 i ei kladdebok som Einar studerte.Eg trudde han hadde blitt matematikar, for han var så systematisk i alt han gjorde. Men det slo ikkje til.