onsdag 3. mars 2010

Brokkolisuppe - skulekjøkenvarianten

Då eg laga brokkolisuppe i forgårs, kom eg på at det hadde passa bra med suppe til forrett neste veke når det står kjøtpudding og fløtegratinerte poteter på planen.

Det er litt andre krav til skulekjøkenoppskrifter enn det er til vaksne kokkar.  Oppskriftene må ha ein enkel framgangsmåte, og dei må ikkje ha for mange ingrediensar.

Eg har eit takknemleg smakspanel her.  Ei historie som går att er då eldstemann fekk blautkokt egg hos mormora. "Oj, egg med suppe", utbraut han til den delikatessen.

Oppskrifta til dagens suppe finn de s. 24-25 i denne kokeboka under  purésupper. Eg laga dobbel porsjon, men kunne nok ha tredobla til kveldsmat.

Blomkål/brokkolisuppe
1 liten løk, i bitar
1-2 fedd kvitløk
1-2 ms olje (oliven brukte eg)
ca 300 g blomkål/brokkoli, i bitar
5-6 dl vatn
1 hønsebuljong-/grønsakbuljongterning
1/2 dl mjølk/fløyte (H- mjølk i dag)
1/2 krm pepar
urter, finklipte

Forkorta framgamgsmåte:
Surr løk og kvitløk i olje til han blir mjuk og blank.  Ha i resten(vent med mjølka)og kok i minst 10 minutt.  Bruk stavmiksar til å mose suppa. Smak til.

I følgje smakspanelet var denne suppa like god og betre enn den eg laga i forgårs.   Eg trur denne vi falle i smak hos fjorten- femtenåringane.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

I Ingers kokebok er det oppskrift på sei-gryte i blomkål/brokkoli-suppe (utan melk), eit alternativ til sei-middag. Har laga det og det smakte godt.

solveig sa...

Det spørs om du får legge den ut på bloggen og reklamere for boka! Vi er interesserte i alle oppskrifter med sei!

Besta sa...

Eg er så lite flink å prøve nye rettar, eg likar så altfor godt dei gamle.Dessutan er det oftast Nils som lagar middag og den gleda kan eg ikkje ta frå han, eller?
Den broccolisuppa såg veldig god ut.men vi likar veldig godt vanlig blomkålsuppe også.Vi lagar den utan feitt.