laurdag 27. mars 2010

Bakedag

Innimellom baking til Bestas bursdag, laga vi ein bolledeig i dag som vi har forma etter inspirasjon frå denne sida. Mitt første forsøk liknar meir på ein katt?

Ja, her i heimen vart det kattepusar! Her overgår ho mora.

4 kommentarer:

Besta sa...

Endelig fekk eg forklaring på "Påskeharen"- eit vesen som aldri var omtala i min barndom.Og eg har aldri forstått meg på kva harar har med egg å gjere. Bollane blir ikkje bakt i dag, men kanskje ein annan gong?

solveig sa...

Det kan no vere kjekt for ungar å fokusere på noko anna enn at bollane skal vere glatte og runde. Gjærdeig er flott å forme.

Anlen sa...

Mmmmm, ikkje noko er betre enn å jobbe med ei god gjærdeig! Og så ete resultatet;) Minstemor vil helst ete deiga...

solveig sa...

Eg tenkte at dette måtte vere noko for jentene dine! Gi dei rosiner å dekorere med, så har dei arbeid lenge. Og desse formingsprodukta forsvinn naturleg.