søndag 23. november 2008

Aniskringler

I går kom Olaug på at ho ville bake aniskringler. Eg laga ein deig i brødbakemaskina , og ho fekk arbeidet med å trille dei. Når eg no får spørsmål om oppskrift, må eg ta fram ei av dei utslitne kokebøkene mine frå 1985. Ingrid sine oppskrifter er fabelaktige.
For Øystein er aniskringler og kakao julefrukostmat. Eg veit at mange brukar anisfrø. Kanskje nokon veit kor mykje ein då bør bruke? Ein pakke til....
---
På jobb har eg forstørra alle oppskrifter til 2 kg mjøl. Det passar godt i Kenwoodmaskina. Her kjem originaloppskrifta og mi nye.


ANISKRINGLER (32) - Ingrid Espelid

100 g margarin
3 dl mjølk
35 g gjær
3-4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
1 1/2 ts stjerneanis
ca 450 g kveitemjøl
---
Lag varmheva gjærdeig. Etter heving deler du deigen i 32 emne, og formar små kringler. Etterhever over damp og steiker dei 10 minutt på 250 grader.
---
Då eg laga kringlene i går tok eg oppskrifta frå "haudet" d.v.s. eg hadde berre andre krydder i bolleoppskrifta.
---
ANISKRINGLER (16 store på ei plate) Solveig
50-100 g smelta smør
3 1/2 dl mjølk
1 egg
1/2 pakke raud gjær
1 dl sukker
1/2 ts kardemomme
1 1/2 ts malen stjerneanis
ca 8 dl kveitemjøl
---
Framgangsmåte og steiking som bollar.
225 grader i 12-15 minutt?
---
I går juksa eg og brukte flytande Bremykt. Det går an i "nøden", men til bollar bør ein bruke meierismør for best muleg resultat.

10 kommentarer:

Anlen sa...

Å, no veit eg kva eg må hugse å lage!

Og når vi lagar aniskringler, brukar vi gjerne både malt og heil anis, det gir god effekt:) Men du må ha ein god del heil anis dersom det skal vere berre det, sikkert 1-2 ss.

solveig sa...

Eg meiner naboen har ein tommelfingerregel der, men litt av kvart er heller ikkje dumt. Eg får lage meir av same posen. Den luktar best lakris når den er nyopna.

STRIKKEMOR(O) sa...

Så godt dette såg ut! Fekk nesten lyst til å bake eg og!

Besta sa...

Eg har mamma si gamle oppskrift på aniskringler. Har kjøpt inn anis eit par gonger også, men aldri laga dei. Kanskje eg skal prøve i år? Kjøpte ein ekstra bolle til miksaren i går, så kven veit?

Hildegard sa...

Dette såg godt ut. Takk for oppskrifta, dette må prøvast!
Eidabesta

arieldog sa...

Å, det er veldig lenge sidan eg har ete aniskringler - noko eg assosierer med mormor, som så mykje anna godt!

solveig sa...

Mormor si oppskrift er nesten heilt lik mi og Ingrid si, berre at ein skulle smuldre margarinen i mjølet. No er prisskilnaden på smør og margarin ubetydeleg.

solveig sa...

No har eg snakka med naboen. Ho brukar ein pakke frø til 2 kg mjøl. Hennar er også gode.....

Anonym sa...

HEI!

1 pk.anis pr. 2 liter kveitemjøl brukar eg :)

solveig sa...

Litt meir altså!