søndag 21. september 2008

3725 g


Skvåsjavlinga mi har ikkje vore noko å skryte av i år. I åkeren nedom huset har eg hatt til eige forbruk etter at dei endeleg kom. Eg har hatt to teoriar:
1. For tørr sommar.
2. For lite gjødsel/for dårleg jord.
No heller eg til den andre teorien. Dei to siste plantane vart nemleg forsømde lenge, heilt til eg planta dei ut, lenge etter dei andre, i ein haug med matkompost. Ikkje har dei hatt fiberduk over seg heller. I går oppdaga eg ein kjempeskvåsj.
Neste år skal matkomposten gravast ned i åkeren!

10 kommentarer:

Besta sa...

Her nede er det bjørnebæra som imponerer mest. Viss dei no blir modne. Kan legge inn bilde når eg kjem heim.Avleggarane kjem frå Ørsta.

arieldog sa...

Omtrent same storleik som Håkon??

Milena sa...

Som i Mummidalen,da Mummimamma fikk kjempe gresskar,he he....kan brukast til mykje godt

solveig sa...

De ser vel at eg held han som ein baby. Håkon var størst her med 3700 g.
Kva eg skal bruke han til? Frø til neste år?
Vi får sjå...
I går sneik eg litt inn i juicemaskina saman med eple og rødbet. Ingen oppdaga det.
Vi lagar minestronesuppe frå boka på kjøkenet denne veka. Eg sparer pasta bolognese til vi skal ha om økologisk mat.
Elevane likte suppa godt, men dei er skeptiske på skvåsj. Eg prøver å høyre kvifor. Den smakar no omtrent ingen ting!

Besta sa...

Nei, nettopp! Den smakar nesten ingen ting. Det gjer ikkje agurk heller, med det likar dei fleste. Slik er det også med meg. Neste år foreslår eg at du sår gresskar, for sylta gresskar er GODT!!!

solveig sa...

Eg har omnsteikt skvåsjen med olje og potetkrydder. Elles raspar eg i pasta bolognese, lasagne og liknande. Skvåsj inneheld både jern og C-vitamin, så istaden for vatn, vert det både sunt og godt. Alt er ei vanesak. Då eg starta med heimkunnskap, var kinakål det eg måtte lære dei å like. No er det litt ute til fordel for isbergsalat

arieldog sa...

Det einaste "problemet" med squash er all væska, så eg synest det passar best i sausar der ein ikkje har vatn i. Viss ungane synest det vert "sleip" konsistens, kan det hjelpe å mose den. I ein periode mosa eg alltid pastasausen for å unngå kritiske kommentarar om innhaldet. Saus er saus, liksom.

Milena sa...

Her er ein veldig god måte å bruke squash på:

Squash pannekaker 12 stk ca.

1/2 kg squash-revet
4 vårløk,finstrimlet
1 1/2 dl hvetemel
4 egg
2 ss finklipet dill elr det man lika best,origano fex
2 ss kruspersille
2 ss hakket estragon
1/2 salt
1/2 pepper
70 gr revet ost
oliven olje

1.Legg squashen i dørslag ,strø litt salt på og la den stå ca 1/2 time Klem væsken ut
2.Visp sammen egg og hvetemel.Ha i resten og la røren svelle en stund.
3.Stekk små lapper eller pannekaker i oliven olje.

Smaker godt til kylling og grillmat!!

Milena sa...

Det blir middag til meg idag,fikk ein fin squash igår!
:-)

solveig sa...

Takk for oppskrift! Eg har skrive den ut! Ser at eg kan hente både persille, estragon og oregani i hagen, i tillegg til skvåsj!