søndag 13. juni 2010

Lammegryte

Medan andre driv med garnslanking, driv eg med frysartøming.  Det nærmar seg ferie, og då er det greit å få avisa frysarane før ein fyller opp med bær og sylte.  I staden for å kjøpe inn nytt kjøt, kika eg i frysaren etter noko "gammalt".  Eg fann eit par små lammelår(59 kr kiloen før påske) på ca 1 1/2 kg som eg skar kjøtet av.  Sidan vi skulle på ballettframsyning før middag, var det greit å ha det meste klart på førehand.  Oppskrifta har Signe laga til bruk på skulekjøkenet.  Eg brukte nok meir kjøt enn i den.  Men de kan ha den som eit utgangspunkt om de får lyst på ein gryterett.



Lammegryte:


2 ms margarin
250 g lammekjøt i terningar

½ ts salt
1 krm pepar

1 dl vatn

1 gulrot i strimlar
¼ squash i strimlar

½ ms sitronsaft

1 dl vatn + 2 ts maisenna
1 dl creme fraiche

½ løk
2 – 4 sjampinjong


1. Brun smøret i ei gryte og steik lammekjøtet ved høg varme.
2. Dryss over salt og pepar.
3. Tilsett 1 dl vatn og lat kjøtet stå og trekke medan du skjer opp grønsakene.
4. Ha i grønsakene og lat retten trekke vidare i 10-15 minutt.
5. Rør saman vatn og maisenna og tilset jamninga medan du rører.
6. Tilset creme fraiche.
7. Brun sopp og løk. (Vent til du legg opp på tallerken).

Server gryteretten på tallerken saman med salat og poteter.
Sopp og løk kan du legge oppå gryteretten.

(Set tilbehør på bordet: Tyttebærsylte og sylta agurkar.)



På skulekjøkenet får dei servere løk og sopp ved sida av.  Heime har eg alt oppi gryta.  Det som ikkje vart ete til middag, forsvann til kvelds.  Eg er veldig glad i lam.  Men eg veit at ikkje alle er det, og då kan ein sikkert bruke andre typar kjøt.  Det er berre å prøve seg fram.

P.S.
Beina la eg eg i ein plastpose med eit par teskeier salt på.  Deio skal gje kraft til ei suppe ein annan dag.

5 kommentarer:

Besta sa...

Og "gryta" var god, det kan eg skrive under på. Eg brukar aldri oppskrift på gryterettar, her blir det "man tager hva man haver"-den mest brukte oppskrifta her i huset.

Besta sa...

No las eg på bloggen til Milena at ho hadde vore på biblioteket med baksten sin, på grunn av veret. Hadde eg visst det, skulle eg gått inn og handla med henne. Kvar eg biblio forresten?

solveig sa...

Rådhuset, i underetasjen. Eg brukte ikkje oppskrifta i dag. Brukte eit beger cf og ein skvåsj. en det kan no vere greit å ha oppskrifta som utgangspunkt.

Milena sa...

:-)
neste gang skal eg stå ute i parken,håpa eg!
Eg kjøpte ferdig lammesteik på Prix for første gang i går og var ganske fornøyd.Når man er trøtt og svolten er alt godt?he.he..

solveig sa...

Eg kjem ikkje på å kjøpe ferdig steikte steiker, men der er no med sky slik at ein ev. kan lage saus. Oppskåren steik t.d. restar er godt pålegg med svisker og sylteagurk ...