søndag 27. juni 2010

Dagens blomst 27.juni: Skogstjerne

Då vi skulle pynte til 10-andeklassefesten, fekk eg med meg nokre jenter ut for å hente blomster. Vi fann lupinar som vi leita etter, men og nokre andre sortar.  Eg måtte sjølvsagt sjekke om dei kunne namna på mellom anna marikåpe. Nei, fekk eg beskjed om, det er ho besta som kan sånt.  Sjølv lærte eg dei vanlegaste blomsternamna av Besta.  På gymnaset var biologi eit av dei kjekkaste faga.  Vi hadde eige herbarium i 3. klassa. 

Då eg var lærar i 4. klasse, lærte eg elevane ein blomst kvar dag frå skulestart.  Vi hadde dei ståande på kateteret, og så teikna dei og skreiv litt kvar dag.  Kva dei kan i dag, veit eg ikkje.  Men dei kosa seg med det den gongen.

Eg har også blitt inspirert av Alt godt sine bilde frå Nord-Norge.  Sjekk bloggen hennar.

Sidan eg veit at mange av elevne mine er innom bloggen, så har eg tenkt at dei skal få lære noko i ferien og.  Vert ikkje det stas?

Skogstjerne Trientalis europaea
Dette er ein vanleg blomst som mange stader.  Eg tok dette bildet på Løset i dag.

4 kommentarer:

Besta sa...

Ved Velle skule hadde vi eit herlig uteområde heilt nær skulen, der ein kunne finne dei mest vanlige markblomstrane.Så dei har eg terpa på mange gonger. Om elevane hugsar, er ei heilt anna sak.Kan også hugse at eg gikk tur med Einar og lærte blomsternamn.Lupinar er planta blomster, som du vel veit, og dei skal fjernast fordi dei fortrenger den naturlege floraen. Øya Øland er m.a. kjend for "vegkantblomstrane" sine.

solveig sa...

Vi prøver å plukke alle lupinana for å utryde dei ....

Besta sa...

Du kan no så frøa i hagen! Det er ikkje ulovlig å ha dei der.

solveig sa...

Det måtte vere ein fin sort i tilfelle, ikkje blå som alle vert.
Lupinane og utrydde skal der stå.