torsdag 15. april 2010
Gratulerer Eirik!
I dag vil vi gratulere Eirik som vert ten-åring. I desse gendiskusjonstider, kan vi som sagt på andre bloggar, slå fast at Eirik er født musikalsk. Tanta vil og hevde at han er født grei og med godt humør!
onsdag 14. april 2010
14. april: Sommardagen
Opplysningskontoret for brød og korn melder i dag at i dag er første sommardagen, ein førkristen fest som markerte slutten på vinteren. Sommerdagen var også første merkedagen på sommersida av primstaven. Før i tida tok folk seg gjerne ein fridag og stelte til fest med sommargraut dvs. rømmegraut.
Rett reiskap
God reiskap er halve jobben heitest det. I dag laga Wenche potetmos, eller potetstappe som det heiter her, og la ut om kor lurt det var å bruke ballongvisp. For meg såg det ikkje lurt ut i det heile tatt. Det såg derimot klønete ut. Kva reiskapen på bildet heiter, veit eg ikkje, men han vert i alle fall brukt til å lage stappe. Den nye er til nye panner med teflon/titanbelegg. Den gamle har ikkje vorte kasta enno.
P.S.
No fann eg ut kva reiskapen heiter på Jernia: Potetmosar. Då veit vi det.
tysdag 13. april 2010
Katteprat
I går var frøkna på besøk og inspiserte kattungen. Mora fekk tre hoer, noko som var ein liten strek i rekninga sidan vi hadde lova henne ein hannkatt. No kan det nok verte minst like kjekt med ein hokatt, berre ein driv aktiv familieplanlegging. Bilda er tekne med mobiltelefon og knabba frå bloggen hennar.
måndag 12. april 2010
Kyllingklubber
Eg hadde høyrt om kyllinglår og kyllingvingar, men kyllingklubber var nytt for meg. Derfor vart sjølvsagt ein pakke til 50 kr plassert i handlekorga torsdag då eg var innom Rema 1000. Coop-kjeden manglar slike rimelege kyllingprodukt som ein finn på både Rema 1000 og Kiwi.
Fordelen med desse såkalla klubbene er at dei er små, så steiketida vert litt kortare. Ulempa er den same, dei er små. Men det er nok til fire personar. Til små born som ikkje greier eit heilt lår, må dette produktet vere ypparleg. Eg pensla klubbene med olje og dryssa på Cemo-krydder. Eg trur det var kotelettkrydder. Til kylling kan ein bruke dei fleste krydderblandingane.
Tips til meg sjølv: Legg eit teflonark i botnen av langpanna neste gong. Då vert ho lettare å vaske. Eg brukar å legge langpanna øvst i oppvaskmaskina oppå glas og koppar. Men her måtte det to rundar til.
søndag 11. april 2010
Konsert og kafé
Skulekorpset har hatt øvingshelg. At øving gjer meister, fekk vi høyre på konserten i ettermiddag!
Eit par gevinstar vart og med heim.P.S.
Det har vore kattefødsel i dag.
Kva les du no?
Boka til venstre er den første i ein ny svensk krimbokserie. Eg har lese 50 sider til no i dag, og det lovar bra. Lydbøkene til høgre har eg lånt på Hareid. Forfattarane og bøkene er ukjende for meg, må eg innrømme, men kanskje eg vert positivt overraska?
laurdag 10. april 2010
Bok 16: Hybridroman
Eg har lært meg eit par nye ord denne veka. Det første er hybridavsnitt. Det er når ein ikkje skriv ut lina inni avsnitta. I 10.-ande må vi terpe på dette. Nytt avsnitt eller skriv ut lina, heiter regelen.
Når anmeldaren i Dagsavisa kallar "Marions slør" ein hybridroman, forstår eg akkurat kva ho meiner. Romanen gir seg ut for å vere krimroman. Boka inneheld eit mysterium, ja her er også ein seriemordar på ferde. Men er det krim?
Detektiven er ei dame med privatliv. Eg likar å verte kjend med hovudpersonen. Byrjinga på boka er god. Men så vert det mykje om å men. Forfattaren debatterer fordommane mot muslimar. Ting tek tid. Dei arbeider treigt og står faste. Kven er mest anonym her i verda, vert eitt spørsmål.
Boka er grei å lese. Her er mange interessante betraktningar undervegs. Men spennade vil eg ikkje kalle denne romanen.
Før og etter
Rett opp handa dei som ser spor ette to timar arbeid her! Eg synest sjølv at det viste lite etterpå, men når eg ser før-bildet, så ser eg skilnad.
Øystein held på med maling av greiner på tredje timen. Han hadde eit ønske om vaflar på altanen - årets første. Eg får lage ei suppe til fire personar i tillegg. Denne veka har eg kokt til seks sjølv om vi er berre fire. Det er lettare å trappe opp matlaginga enn å trappe ned.
fredag 9. april 2010
Vår!
No er det ikkje mykje snø att på markane her. I blomsterbedda kan ein sjå skilnad frå dag til dag. Det er ikkje lenge før kuleprimulaen står i full blomst!
I år var eg litt sein med å sikre meg løkar, så det vart berre to sortar. Kvart år grev eg ned slike løkar. Ganske raskt gløymer eg kvar.
torsdag 8. april 2010
Mallwalking
I påska fekk eg med meg på nyheitene at dei har starta ein ny folkesport i Amerika - mallwalking. Kjøpesentera legg til rette med å opne ytterdørene eit par timar før butikkane opnar, slik at folk kan gå tørrskodde uansett ver og føre. Som tidlegare brukar av skritteljar, veit eg at ein fort går nokre tusen skritt på ein slik runde. No er ikkje kjøpesentera her så store som i Amerika, men så har dei fleste bygdene to som ein kan gå mellom.
Mellom dei to kjøpesentra i Vik kan ein sjå to aktivitetar gjennom store vindauge, bingo på eine sida og helsestudio på den andre.
Ærendet mitt i dag var ein tur på biblioteket. No har eg lese det som er verd å lese på lydbokbiblioteket på Hareid. Blogglesarane må gjerne anbefale kva eg skal lese først!
Det vart ein tur innom Kapp Ahl. Det tikka inn ei melding til meg som VIP-kunde om halv pris på raud pris. På Kid er det såkalla 40% vennesal. 30% for dei vennelause. Men P.S. dei vil gjerne vere din venn. Ja, ja, forstå det den som vil. Eg kjøpte ikkje noko der i dag.
onsdag 7. april 2010
Påskebrød
Dette greske påskebrødet såg eg først i Dagbladet. Der synest eg forklaringa var litt innvikla, og avisa forsvann før det vart baka med meg. Ikkje hadde eg yoghurt i hus heller. Så dukka brødet opp på brodogkorn. Eg synest brødet såg litt artig ut, og det vart til at eg bakte det med surmjølk. Elles reagerte eg på saltmengda. I mitt brød brukte eg ei ts.
1/2 pk gjær
4 dl yoghurt(surmjølk)
1 ts salt
2 ms rapsolje
ca 10 dl kveitemjøl
5 egg
+1 egg til pensling (ein kan sikkert ha 1/2 egg av dette i brødet og ta av litt til pensling)
Lag vanleg varmheva deig som til loff. Hev til dobbel storleik.
Del deigen i tre. Den eine delen kjevlar ein og legg i botnen av ei kakeform. Eg brukte den største på 28 cm. Legg 5 rå egg utover.
Resten av deigen trillar ein ut til to pølser som ein deler i 6.
2/6 blir til korset. Eg trilla dei ut og delte dei i 2. Dei siste fire trilla eg ut og la rundt egga. Brødet fekk heve i 30 minutt oppå komfyren. Der er det lunt.
Brødet fekk steike i 30 minutt på 200 grader. Brødet vart godt og egga vart hardkokte! Dette er eit brød som er artig og fint på eit påskebord. Spekemat, oliven og tomatar høver godt til.
tysdag 6. april 2010
Norsktime i 10B
På planen i dag stod Forbrytelse og straff, ein reportasje av Åsne Seierstad.
Eg trur eg har lese alle bøkene til Åsne Seierstad, og innleiar sjølvsagt med å fortelje om forfattaren. Eg beundrar denne tøffe dama som har reist rundt og rapportert heim frå eine krigsområdet til det andre.
Artikkelen som vi las i dag, var frå ein såkalla "forbetringsanstalt". I Noreg har ein vel kome fram til at slike institusjonar heller verkar som "forverringsanstaltar". Åsne Seierstad har snakka med to jenter i dette ungdomsfengselet. Blogglesarane må gjerne lese artikkelen.
Her er mykje å diskutere:
- Skilnader mellom Norge og USA
- Kvifor ungdommar kjem i fengsel
(Forfattaren nemner 26 000 fleire fengslelsbetjentar, 8000 færre lærarar)
- Vert ungdomane betre av å vere saman med likesinna - eller vanlege ungdommar
- Kor viktig det er å bli sett - Kva ein gjer for å bli sett
- .......
I vår barndom var det noko skummelt som heitte Bastøy. Eg hugsar noko om nokre gutar som sat og gret der. Kan det ha vore i ei bok? Historia har avslørt tragiske tilstandar. Eg er glad for at vi har det menneskesynet vi har i Norge i dag.
Eg trur eg har lese alle bøkene til Åsne Seierstad, og innleiar sjølvsagt med å fortelje om forfattaren. Eg beundrar denne tøffe dama som har reist rundt og rapportert heim frå eine krigsområdet til det andre.
Artikkelen som vi las i dag, var frå ein såkalla "forbetringsanstalt". I Noreg har ein vel kome fram til at slike institusjonar heller verkar som "forverringsanstaltar". Åsne Seierstad har snakka med to jenter i dette ungdomsfengselet. Blogglesarane må gjerne lese artikkelen.
Her er mykje å diskutere:
- Skilnader mellom Norge og USA
- Kvifor ungdommar kjem i fengsel
(Forfattaren nemner 26 000 fleire fengslelsbetjentar, 8000 færre lærarar)
- Vert ungdomane betre av å vere saman med likesinna - eller vanlege ungdommar
- Kor viktig det er å bli sett - Kva ein gjer for å bli sett
- .......
I vår barndom var det noko skummelt som heitte Bastøy. Eg hugsar noko om nokre gutar som sat og gret der. Kan det ha vore i ei bok? Historia har avslørt tragiske tilstandar. Eg er glad for at vi har det menneskesynet vi har i Norge i dag.
måndag 5. april 2010
Bok 15: Fuglemannen
Denne boka fekk eg høyre av ein kollega, var noko for meg. Mamma skaffa meg den frå biblioteket i Ørsta. Eg har lese Kuren tidlegare, og visste dermed omtrent kva eg gjekk til. Det er mange personar å forhalde seg til, så eg la opp ein strategi, nemleg å sjå namna for meg i skrift, og å lese boka på kort tid. Dette er nemleg ei bok eg vil tru er i utgangspunktet best å lese i papirutgåve. Eit par turar rundt Grimstadvatnet har fått fortgang, bokstavleg talt, i lesinga. Inga lesing for Rotaryråsa dette, ein må ha folk rundt seg. I alle fall om ein er lettskremt.
Dette er altså første boka i serien. Politimannen, Jack Caffery, har eit interessant privatliv. Morda er groteske. Oppklaringa logisk. Dette er topp litteratur for dei som liker å lese om seriemord.
P.s. Det fins ei tredje bok: Ritualer.
Dette er altså første boka i serien. Politimannen, Jack Caffery, har eit interessant privatliv. Morda er groteske. Oppklaringa logisk. Dette er topp litteratur for dei som liker å lese om seriemord.
P.s. Det fins ei tredje bok: Ritualer.
søndag 4. april 2010
Singer
Eg har fått spørsmål frå ein blogglesar om kva/kven Singer er. Vi vaks opp med å høyre om mannen som gav pengar til å starte opp sjukehuset på Nordfjordeid, eller Sykehuset som vi av ein eller annan grunn sa.
Morfaren og mormora mi jobba på sjukehuset på Eid då dei traff kvarandre. Morfar døde før eg var fødd. Han vart aldri bestefar. Mormor var kjøkensjef på sjukehuset til ho gjekk av med pensjon i 1974. Mamma er flinkare med detaljar her.
I alle fall kan de lese meir om den amerikanske mangemillionæren her og her.
Nordfjord Sjukehus og Singer
William H. Singer jr.
Mangemillionæren William Henry Singer jr. i Olden finansierte det meste av Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, som vart opna i 1936.
Singer vart engasjert i helsestellet i distriktet då ein av venene hans i Olden, hotelleigar Sivert W. Yri (1880–1926), måtte sendast heilt til Bergen med ein livstrugande blindtarmbetennelse og døydde på vegen dit. Singer hadde først lova tilskot til eit nytt sjukehus i Florø, men då nordfjordingane starta innsamling til eige sjukehus, vende han pengegåva si dit.
Sjukehuset i Nordfjord fekk elddåpen sin nokre veker etter opninga i 1936, då det måtte ta imot såra etter rasulukka i Lodalen.
Singerheimen i Olden.
1. påskedag
Eg synest naturen er på sitt tristaste no. Alt er daudt. Fargane er triste.
Heldigvis skal det ikkje mange snøfrie og solrike dagar til før naturen vaknar. Eg fann ein einsleg hestehov under ei bjørk. Eg var vaksen før eg såg denne planten som vi las så mykje om. No har han flytta til Vestlandet også.For kaninane må våren vere som å sleppe ut frå fengsel. Dei får kome i utebur, og dei få gå i sele. Gledeshoppa til Marlon i dag skulle ha vore filma.
I dag er siste dagen familien er samla her. Journalisten skal på jobb i morgon og jobbe med tysdagsavisa. Det vert nok ein liten arbeidsdag på meg og i morgon. Eg har seks undervisningtimar tysdag. Sjølv om eg har førebudd det grøvste, står det litt att. Handla inn ferskvarer gjorde eg i går.
laurdag 3. april 2010
Rett på bloggen - Focaccia igjen
Vent litt med å skjere i brødet, seier eg. Ein svolten kar står klar. Ja, det skal vel rett på bloggen, svarer han. Eg synest eg nettopp har lagt ut oppskrift på focaccia, men ser at det var i januar i fjor.
Utgangspunktet er ein vanleg gjærdeig med vatn og olivenolje. For å få god smak, bør ein bruke lite gjær og lang hevetid.
1/4 pk gjær
4 dl vatn
1 ts salt
ca 10 dl kveitemjøl
3 ms olivenolje ++
Eg brukte brødbakemaskina til å kna deigen, men eg hevar han i ein rund bolle med olivenolje i. Når deigen har heva, er det berre å legge han over på plata utan å kna. Det er nok å trykke brødet flatt. Då vil ein få store porar i brødet.
Etter at brødet har heva på plata, er det tid for olje, salt og krydder. Lag groper med fingrane. Ein av grunnane til at eg kom på å bake focaccia, var ein rosmarinplante eg hadde kjøpt til lammelåret. Ein kan ha det ein måtte ha lyst på oppå brødet. Tomat og oliven er mykje brukt.Steik ved 220 grader i ca 20 minutt.
Påskekampen
I dag var eg på fotballkamp for første gong i år, i antrekk termodress. Hareid og Lokomotiv Oslo hadde skrapa saman kvart sitt lag. Alle gutane her i familien var på bana i 2 omgang. Eg var av dei få som klappa for dei 5 måla. det kjem nok referat på hareidssida etter kvart.
I heile vinter har det vore grønt gras på bana. Men rundt ligg no fleire lass med granulat oppå snøhaugane.
fredag 2. april 2010
Kvar for oss
I dag vakna vi til ein dag heilt utan program. Spørsmålet vert då kva ein skal finne på! I går ettermiddag skein det opp her, så veret var ein skuffelse. Frøkna var ute av dørene før foreldra stod opp. To av karane må kvile beina til storkampen i morgon. Mannen i huset vil på skitur. Kva vil eg? Eg veit at om eg vert med han, kjem han til å legge ut på ny treningstur seinare på ettermiddagen. Derfor gjer eg det eg har mest lyst til: Trimtur rundt vatnet med Fuglemannen på øyrene. Til middag har eg berre laga ein pakke brun saus. Vi har restar nok frå i går til å varme i microen. Noko som høver godt når folk fer i fleire retningar til ulike tider.
Ønskereprise
Det har skjedd små endringar på YouTube. Så får vi sjå om dette går bra.
Før han vart krimhelt, var han ein populær songar ...
Før han vart krimhelt, var han ein populær songar ...
torsdag 1. april 2010
God påske!
I dag ventar vi besøk frå Molde. På menyen står det lammesteik tillaga på heilt tradisjonell vis. Eg lagar brun saus som får stå og koke eit par timar. Oppi den har eg sjya og ein kopp kaffi med fløte. Dette er enkel mat å lage til. Eg har kjøpt inn eit par små lår som eg tenkte å eksperimentere med litt seinare på våren.
Då står det berre att å ønskje blogglesane ei riktig god påske! Ver gjerne med på den uhøgtidlege kåringa av årets påskekrim anten du ser berre ein eller om du ser fleire.
P.S.
90-modellane er utslått av mimrecupen. 87-modellane gjekk vidare. Cup er cup.
Årets påskekrim
No er det ei stund sidan eg har hatt meiningsmåling på bloggen! Mange er innom bloggen utan å kommentere. Eg håper at de tek dykk tid til å krysse av på meiningsmålinga til høgre. Sei frå om noko manglar.
Sjølv er eg mest spent på den norske satsinga på TV2!
onsdag 31. mars 2010
Gulrotsuppe
I går gjekk eg forbi ein butikk på Amfi i Ørsta der dei reklamerte for solkrem og betakaroten. På 70-talet var det populært med slike gulrottablettar. Det oransje betakarotenet kan, viss ein et det i store mengder, legge seg i underhudsfeittet og så vil huda sjå gulbrun ut. Det er ingen grunn til å ta betakaroten for ernæringa sin del. I 50 g gulrot er det nok betakaroten til å dekke dagsbehovet. Der er eit lite men; kroppen treng feitt for å ta opp dette forstadiet til A-vitamin.
Dei lærde diskuterer om kroppen vår kan gjere seg nytte av vitaminar i tablettform. I veka som var laga eg ei gulrotsuppe som fall i smak her i familein. Eg ser at ein kan få kjøpt krema gulrotsuppe i pose. (Eg reknar med at blogglesarane har fått med seg mi meining om pulvermat.) Den inneheldt koriander. Eg anbefaler å starte med å lage denne milde skulekjøkenvarianten, og så kan ein tilpasse den sin eigen smak etter kvart.
Gulrot- og ingefærsuppe
1 liten løk, i bitar
1 båt kvitløk, i bitar
1 ms olje
ca 300 g gulrøter, i tynne skiver
ca 1 cm ingefærrot, i skiver (sterk!)
5 dl vatn
1 hønsebuljong-/grønsakbuljongterning
1/2 dl mjølk/fløyte/kokosmjølk
1/2 krm pepar
(urter, finklipte)
Surr løk og kvitløk i olje. Ha i grønsaker, buljongterning og vatn. Kok minst 10 min. Mos suppa med stavmiksar. Ha i mjølk og krydder og kok opp.
Som til alle supper, smakar det godt med brød til.
Dei lærde diskuterer om kroppen vår kan gjere seg nytte av vitaminar i tablettform. I veka som var laga eg ei gulrotsuppe som fall i smak her i familein. Eg ser at ein kan få kjøpt krema gulrotsuppe i pose. (Eg reknar med at blogglesarane har fått med seg mi meining om pulvermat.) Den inneheldt koriander. Eg anbefaler å starte med å lage denne milde skulekjøkenvarianten, og så kan ein tilpasse den sin eigen smak etter kvart.
Gulrot- og ingefærsuppe
1 liten løk, i bitar
1 båt kvitløk, i bitar
1 ms olje
ca 300 g gulrøter, i tynne skiver
ca 1 cm ingefærrot, i skiver (sterk!)
5 dl vatn
1 hønsebuljong-/grønsakbuljongterning
1/2 dl mjølk/fløyte/kokosmjølk
1/2 krm pepar
(urter, finklipte)
Surr løk og kvitløk i olje. Ha i grønsaker, buljongterning og vatn. Kok minst 10 min. Mos suppa med stavmiksar. Ha i mjølk og krydder og kok opp.
Som til alle supper, smakar det godt med brød til.
tysdag 30. mars 2010
Bok 14: Oppvekstroman
I 10. klasse las vi utdrag frå ungdomsromanen Yatzy av Harald Rosenløw Eeg. Det gjorde at eg bestemte meg for å lese denne romanen av same forfattar.
Løp hare løp gir seg ikkje ut for å vere ungdomsroman - dessverre. Det ville den kanskje fungert som. I staden syneset eg forfattaren blandar sjangerar. Ei forsvinning gjer t.d. at ein lurer på om det er krim.
For at ein oppvekstroman ikkje skal gå inn i rekkja "dette har vi høyrt før", må den ha eit særpreg. Det manglar romanen. Språket er alminneleg, og om boka skulle ha humor, så treff den ikkje meg. Eg synest ikkje forfattaren greier å behandle tema i boka på ein interessant måte.
Les gjerne meirom boka her.
Viss de går inn på Wikipedia, ser de at dette er den første vaksenromanen til forfattaren.
Bibliotek
Dette er dei bøkene eg fann på biblioteket her i går. Elles har eg liggande ein del lydbøker på MP3-en/datamaskina som eg ikkje har lese enno. Desse merkar eg no med etiketten "bibliotek", så kan eg finne dei på bloggen etter kvart. Den islandske krimboka er t.d. eit stykke ut i rekka. Eg får sjå om eg får lånt dei i kronologisk rekkjefølgje.
måndag 29. mars 2010
Mi første marsipankake
Då eg flytta til Hareid for snart 22 år sidan, var her to bakarar. No er her ingen. Til og med bakeriutsalet er lagt ned. Skal ein bstille ei kake, må det skje gjennom butikk. Prisane er heller stive, 450-500 kr for ei vanleg marsipankake. Sist eg bestilte, vart eg heller skuffa. Kaka var altfor søt, og det var lite krem i den. Før i tida bestilte vi nydelege kaker hos bakar Thor. Det var skikkeleg handverk. No har vel bakeria vorte reine fabrikkane.
Eg hadde lova mamma å bake blautkake og sviskekake til dagen hennar. Så kom eg på at det kanskje var på tide å lære seg å bake marsipankake. Eg er ikkje pirkete av meg, noko folk kanskje trur. Den største utfordringa låg i pynten.
Oppskrift til makronbotn fann eg i "Ta kaka" s. 55. Oppskrifta var til 20 cm stod der, så eg gonga med 1,5. Det skulle eg ikkje ha gjort! Lengre bak i boka stod same oppskrifta til 26 cm form. Så viss nokon av blogglesarane vil prøve seg på makronbotn anbefaler eg 100 g sukker og 100g malte nøtter/mandlar. Eg synest nøtter gir best smak, men unngår det derson eg veit folk er allergiske.
Framgangsmåten er enkel. Ein blandar halvparten av sukkeret i nøtteblandinga og halvparten piskar ein stivt saman med 3 eggekvitar. Bland godt og steik i ei bakepapirkledd form. Eg sprayar forma med olje. Då er ho omtrent like rein etterpå. Eg måtte ikkje vaske den før eg laga sukkerbrød i same forma.
Sukkerbrød 24 cm
4 egg
1 1/2 dl sukker
1 1/2 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1 1/2 ts bakepulver
Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland det tørre saman og sikt det på. Bruk sleikjepott og vend mjølet forsiktig inn. Steik ved 175 grader i ca 1 time.
Eg la makronbotnen nedst. Elles fylte eg med ein stor pakke fløyte til krem, 1 pk vaniljekrem og eit beger Nora rørte bringebær. Eg dynka med appelsinjus. Ein kan sjølvsagt bruke mjølk eller anna jus.
Så langt er eg veldig fornøgd med kaka. Men der er betringsmulegheiter både når det gjeld å få marsipanloket pent på, og når det gjeld pyntinga. Eit litt større fat hadde vore ein fordel. Men dette gjekk inn i Tupperwaren. Eg berga kanten med å spøyte på litt krem.
Konklusjon: Bakarane kan å pynte, men det er ikkje vanskeleg å lage velsmakande kaker sjølv!
søndag 28. mars 2010
Mimring
Vi snakka litt om dette med hukommelse i dag. Eg hugsar godt mi mormor sin 70-årsdag. Då var eg elleve år. Eg var sjuk dagen før, og var redd for at eg ikkje fekk vere med til Singer. Heldigvis friskna eg til. I går vart frøkna dårleg. Ho fekk vondt i halsen og hovudverk. Ho sovna på sofaen om ettermiddagen, noko som er heilt ulikt henne. Eg stilte spørsmål om historia ville gjenta seg. Heldigvis vart ho og frisk nok til å fare i mormora sin 70-årsdag.
Medan systra mi hugsar at ho lagde scener fordi ho ikkje likte blomkålsuppe, hugsar eg at pappa åt suppa hennar. Mamma meiner at sanninga ligg midt imellom. Det er slik med desse barndomsminna. Dei er ikkje alltid like etterrettelige - for å bruke eit bokmålsord. Eg meiner i alle fall at eg var innom ein stad der eg såg fargefjernsyn for første gong denne dagen, altså 14. juli 1974. Kan nokon bekrefte det?
Elles hugsar eg at ho som dreiv Singer, var motstandar av brus, men yngste søskenbarnet mitt spurte så fint at det kom brus på bordet likevel. Vi fekk sjå oss rundt i husa der, og eg vart spesielt imponert over alle himmelsengene. Dagen hennar var full av inntrykk.
Så var det mamma sin 50-årsdag som eg hugsa så godt. Bodil og Svein var der. Audun var baby og sov heile dagen. Eg var sikker på at eg hadde bilde av henne og barnebarnet. Kvar dette bilde eventuelt har vorte av, veit eg ikkje. Men eg finn eit bilde av henne og Håkon. Kan det vere på 54-årsdagen? Det er i alle fall ikkje langt unna. Og så fann eg bilde av mamma og pappa den tida dei hadde fire barnebarn.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
















