fredag 18. juni 2010

Kvar er katten? Eller: Drama i katteheimen!

Katten har kome i hus.  Katten heiter Lucy, så eg får prøve å kalle han ho.  Lucy har fått sitt eige rom, nemleg bislaget, som ligg utanfor vaskerommet og har dør mot hagen.  Den døra er litt trasig.  Ho må stengast godt. 

Då eg kom heim frå byturen i dag, såg eg berre bakenden til katten der ho romstrerte rundt.  Vi hadde bestemt at ho trengte litt ro.  Men då ho skulle fram til ny kose- og leikerunde, var ho søkk vekk.  Vi leita i sovekassa, letta på dokassa og lokka på katten.  Eg såg mellom kleda som heng på knaggar.  Olaug tenkte at nokon kunne ha stole katten.  Eg hadde sett på ei maskin med klede.  I say no more.

Då faren i huset kom heim frå fotballkamp, la vi fram mysteriet for han.  I det vi let opp utedøra forstod vi kva som hadde skjedd.  Akkurat no har vi plukka ned katten for andre gong.  Er ho så dum at ho skal henge der i natt?

2 kommentarer:

Besta sa...

Stakkars Lucy, det er første dagen/natta vekke frå mamma si.Og ho er ikkje kjend i den nye heimen enno.

solveig sa...

Før eg henta ho ned for femte gong, fann eg bamsar til henne og sløkte lyset. I dag tidleg låg ho i senga si. Kvar ho har vore i mellomtida er ikkje godt å seie...