søndag 6. juni 2010

Korleis stelle rabarbrarota?

Ei venninne av meg som såg rabarbraen min sa:"Du må ta vekk blomsten!".  Ho har sikkert rett.  Så det har eg gjort og samtidig hausta nokre stilkar.  Kva så?  Kvar skal rabarbrarota helst stå?  Veks det ut fleire stilkar?  Er dei etande/gode?
-----
Eitt råd eg har fått er å sjekke denne sida.  Mykje godt der!

6 kommentarer:

Milena sa...

Rabarbara skal brukast innan Jonsok,har eg høyrt,da er den best,blada bruka eg som grønn dekke i hagen og stilkane kan man plukke heile tida.Meir du plukkar fleire nye stilka kjøme...
Her er ein bra side:
http://www.matoppskrift.no/sider/artikkel1341.asp

Besta sa...

Gi rabarbraen rikelig vatn og bruk stilkane etter kvart, så er den brukande heile sommaren. Det går an å fryse den også, til kake etc. Den kaka eg hadde med sist, var laga av frosen rabarbra frå i fjor.

solveig sa...

Eg la ut link under innlegget. Eg ser at der er meir oksalsyre i rabarbraen utover sommaren. Men til kaker og paiar vert det vel ikkje dei store mengdene.

solveig sa...

P.s.
Besta si kake var god! Med vaniljesaus eller krem til får ein kalsiumtilskot.

Alt godt sa...

-Og kalsium balanserer oksalsyra, så vert summen bra. Mange overser dei tynnaste stilkane, men dei er ofte raude og fine, og gir fin farge til det ein lagar. Eg gjødslar rabarbraem med det eg har av gjødsel eitt par gongar på våren, då ber den fint. Blomen må fjernast, ja.

solveig sa...

Eg tenker som du at mjølkeprodukt er sunt og godt til rabarbra.
I dag såg eg at Wenche laga Mor Monsen med rabarbra og valnøtter. Synest ho fekk brukt lite rabarbara. Elles brukar eg å ha i eitt egg om gongen, ikkje stivpiske eggekvitar. Men sitron og rabarbra er sikkert godt.