søndag 20. juni 2010

Gratulerer Margrete!

I dag har systra mi fødselsdag.  Berre vent, sa eg i dag tidleg!  No har eg funne fram nokre bilde frå 1978.  Eg hadde tatt over som familiefotograf.  Desse første bilda er frå 10-årsdagen hennar.  Kista er gåvebord.

Gjestene.
Dette er gjengen i gata ein annan dag.
Ferien gjekk til Danmark det året.  Her er vi på Kronborg slott.
Margrete var minst og dyreinteressert.  Ho var nok i rette alderen for Legoland det året.  Frøkna her i huset har ein del til felles med tanta!

Vi gratulerer! 

1 kommentar:

Besta sa...

Artig å sjå desse bilda. Eg har dei ikkje sjølv, det eg veit om.Når eg ser kor fin Margrete er på håret, kjem i hug at veninnene var misunnelig på henne fordi ho hadde ein far som var FRISØR. Det var ikkje ofte de var hos proff-frisør. Stakkars barn!!!!!
Og så ser eg att dei gamle møblane og gardinene, ei anna tid og ein annan stil.Rart å sjå att ungane i gata og tenke på kva det har vorte av de dei.No er her nesten berre gamle folk att.