laurdag 12. juni 2010

Flott framsyning


Ballettskulen i Hareid og Ulstein har framsyning annakvart år i Ulsteinvik med scene og lyssetting, og annakvart år ein enklare variant i Hareidhallen.  I år var det på Hareid.  Her fekk vi sjå kva dei yngste øver på i timane og fleire innslag frå dei eldste. Det er ei god blanding av klassisk ballett og jazzballett.  Eg må innrømme at eg ikkje har greie på ballett.  Men eg er imponert over kor flinke desse jentene vert!

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, dei var verkelig flinke, særlig dei eldste elevane. Det syner at det nyttar å øve og halde på nokre år.Når det er lite staffasje, ser ein betre dei einskilde dansarane-det virkar begge vegar.....

arieldog sa...

Synd vi gjekk glipp av dette!