tysdag 29. juni 2010

Bok 28: Veien

Vanlegvis les Øystein og eg ulike bøker, men no har eg gjeve meg i kast med amerikanske forfattarar som han liker å lese.  I dag har han lånt papirutgåva, slik at vi snart kan sjå filmen.

Cormac McCarthy er også ein av dei som vert rekna som dei fire store samtidsforfattarane i USA.  Dei andre tre er Philip Roth, Thomas Pynchon og Don DeLillo.

Veien handlar om ein far og ein son som er på vandring etter den store katastrofen.  Dei kjempar for å overleve på veg sørover.  Skildringane kan til tider vere grufulle. 

I utgangspunktet synest eg temaet var lite interessant.  Korleis kan ein fylle ei bok berre med samtalar mellom far og son langs ein veg?  No må det seiast at dei både seg og opplever ting langs vegen.   Men kjedeleg vert det ikkje, kanskje noko trøsteslaust til tider.  Heldigvis var ikkje slutten heilsvart.

Les gjerne meir om boka her, og les denne prisløna boka! 
Det skal bli interessant å sjå filmen, for ein dannar seg mange bilde medan ein les.  Viss det går an å seie at ei bok er visuell, så er denne absolutt det.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Høyrest ut som ei god bok.
I dag har eg laga sveler etter oppskrifta di. Det gjekk veldig fint, dei blei vellukka! Eg var litt i tvil om eg verkeleg skulle piske natron og hjortesalt saman med egg og sukker, men gjorde det. Har tidlegare alltid hatt natron opp i litt av kulturmjølka og så hatt det opp i røra til slutt.

solveig sa...

Eg bruker berre å røre alt saman i Kenwooden. Skal røra stå lenger enn ein halv time, ville eg ha venta med hevemidla, dei boblar seg litt ut.
Viss eg lagar eggedosis, vert miksarskåla for lita til dobbel porsjon ... Mange vegar til Rom!

Besta sa...

Denne boka er veldig oppskrytt og har fått mange prisar, men eg må innrømme at den egasjerte meg lite.
Eg forstår likevel at mange synest den er god, særlig samtalane mellom far og son, som er det essensielle. Men eg vart skuffa, og i følge bibliotekaren er eg ikkje åleine. Eg blir som regel skuffa over oppskrytte bøker-det er vel noko med forventningane.