søndag 20. juni 2010

Bok 25: Ritualer



Dette er ei ny bok med politietterforskaren Jack Caffery.  Men vi blir og kjend med dykkaren Flea Marley. Eit lurt trekk av forfattaren, for Jack Caffery sitt privatliv er litt oppbrukt, medan Flea Marley er ein interessant person å bli kjend med. Foreldra og bror hennar omkom då dei dykka i Sør Afrika i Bushman's hole.  Les meir om desse grottene her og sjå bilde her

Romanen startar med at Flea Marley finn ei hand som er kutta av eit menneske som er i live.  Ein får lære meir om afrikanske heksekunstar.  Som vanleg i Mo Hayder sine romanar oppsøker ein dei verste strøka i byen, som no er Bristol.  Boka er grotesk og uappettleg innimellom.  Løysinga er logisk.  Vi får også forklaringa på klarsynet Flea Marley opplever når ho prøver eit av dei narkotiske stoffa som vennen til faren forskar på.

Les gjerne meir på Bokkilden

Elles ser eg på nettet at der i alle fall er to romanar til med Jack Caffery, på engelsk vel å merke.  Det spørs om eg ikkje no først må gje meg i kast med "The return".  Aller helst vil eg ha bøkene omsette og innlesne!

3 kommentarer:

Besta sa...

Det kjem ikkje klart fram om du likte boka eller ikkje.Eg likte den betre enn dei to bøkene eg har lese av Mo H før denne.

solveig sa...

Dette er topp krim. Eg omformulerete noko slik at akkurat den setnionga datt ut ...
Men det seier seg kanskje sjølv nå eg vurderer å lese fleire på engelsk.

Besta sa...

Eg meiner at det rett og slett er god litteratur. Veldig godt skriven. Godt språk. Berre begynnelsen-frå Bushman`s hole....eg måtte rett inn på nettet for å finne ut om noko slikt verkelig finst, og det gjer det.