onsdag 22. juli 2009

Bok 43: Thriller


Denne boka vert omtalt som thriller. Kva skil thrilleren frå vanleg krim? At ein vert heldt i andelaus spenning? At det stadig lurer nye farer bak neste sving? At når du trur krimgåta er løyst, ligg det meir bak? Den gode er plutseleg vorte vond? Slik er i alle fall denne romanen.
---
Det er ikkje utan grunn den har vorte så populær. Her er høg spenningskurve over lang tid. Litt "forutsigbar" rett nok, men dette er god underhaldning!
---
Øystein og eg tenkte å sjå denne filmen då han gjekk i Ulsteinvik. Vi bestilte ikkje billettar sidan filmen hadde gått lenge. Men der tabba vi oss ut. Vi var nummer tre i køen som ikkje fekk billettar. Ja, så fekk vi nøye oss med ein biltur til Flø. Øystein hadde lese boka på førehand. No rekk eg det og, for filmen vil eg sjå, sjølv om det må bli på heimekinoen.
P.s
Handlinga er lagd til Roma. Eg ser for meg mange av plassane. Rapporten der i frå i dag lyder på 36 grader, d.v.s. mykje varmare.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg likte godt denne boka, og den var spennande.Eg likte denne betre enn Da Vincikoden .Skilnaden mrllom thriller og krim, trur eg ligg i spenningsfaktoren, som er mest til stades i thrilleren. Det er slik eg forstår det

arieldog sa...

Eg likte den òg, men Da Vinci-koden var betre etter mitt syn. Artig å lese om Roma. Eg har òg tenkt å kjøpe filmen. Har lese "Digital Fortress" òg, og synest Dan Brown har ein eigen evne til å halde spenninga oppe.

Besta sa...

Den boka du les no har eg også lese, men eg har lesestoff ei stund enno. Og snart kjem vel haustens nye bøker så det blir meir å velje i på biblio.